Norsk Allkunnebok

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. des. 2020 kl. 05:48 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Norsk Allkunnebok''' er eit nynorsk leksikon som kom ut på Fonna Forlag i tidsrommet 1949–1966. Det utgjer 10 band pluss eit atlas og ei eiga juridisk oppslagsbok. Som nemn…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Allkunnebok er eit nynorsk leksikon som kom ut på Fonna Forlag i tidsrommet 1949–1966. Det utgjer 10 band pluss eit atlas og ei eiga juridisk oppslagsbok. Som nemninga «allkunne» seier, er leksikonet encyklopedisk, dvs. at oppslaga i prinsippet skal hentast frå alle kunnskapsfelt og fagområde. Verket føyer seg såleis inn i rekkja av det som har vore kalla konversasjonsleksikon. Innanfor den altomfattande horisonten hadde utgjevarane klåre målsetjingar om å framheve emneområde som tidlegare har vore underrepresentert i norske leksika. Ein finn til dømes ei mengd omtaler av personar som det ikkje har funnest plass til i andre norske konversasjonsleksika. Den målstyrte prioriteringa av stofftilfanget gjev dette oppslagsverket ein ekstra relevans ikkje minst i lokalhistorisk samanheng.