Norsk Bonde- og Småbrukarlag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Norsk Bonde- og Småbrukarlag''' (ofte omtala som Småbrukarlaget) er ein fagleg og næringspolitisk medlemsorganisasjon for bønder småbrukarar. Organisasjonen vart...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:
Småbrukarlaget har heile tida vore partipolitisk uavhengig. Men fokuset på småbrukaren framfor den større bondens interesser har gjennom historia skapt eit nært meiningsfellesskap fyrst med [[Venstre]] og [[Arbeiderdemokratene|Arbeidardemokratane]], så med [[Arbeidarpartiet]] frå slutten av 1930-åra, og frå 1970-åra av til dels også med [[Sosialistisk Venstreparti]]. Småbrukarlaget vart skipa som alternativ til [[Landmannsforbundet]] ([[Norges Bondelag]]), som danna [[Bondepartiet]] (Senterpartiet), og som også etter at Bondelaget og partiet skilde lag har hatt nær kontakt med denne politiske retninga.

Under namnet Norsk Småbruksforbund fann stiftinga stad  på [[Eidsvoll folkehøgskole]] 22.-23. juni 1913. Initiativtakarar og drivande krefter i byrjinga var redaktør og småbrukar [[Halfdan Cock-Jensen]] og den jordbruksorienterte organisasjonsmannen [[Halfdan Egeberg]]. Dei to dreiv frå 1909 småbruket [[Mailand (Lørenskog)|Mailand]] i [[Lørenskog]], som dei gjorde til eit mønsterbruk for småbruksdrift. Cock-Jensen vart fyrste formann, og Egeberg sekretær/generalsekretær. Mellom andre var den sentrale arbeidardemokraten stortingsmann Alf Mjøen med i det førebuande arbeidet.
Under namnet Norsk Småbruksforbund fann stiftinga stad  på [[Eidsvoll folkehøgskole]] 22.-23. juni 1913. Initiativtakarar og drivande krefter i byrjinga var redaktør og småbrukar [[Halfdan Cock-Jensen]] og den jordbruksorienterte organisasjonsmannen [[Halfdan Egeberg]]. Dei to dreiv frå 1909 småbruket [[Mailand (Lørenskog)|Mailand]] i [[Lørenskog]], som dei gjorde til eit mønsterbruk for småbruksdrift. Cock-Jensen vart fyrste formann, og Egeberg var sekretær/generalsekretær frå byrjinga og i mange år frametter. Mellom andre var den sentrale arbeidardemokraten stortingsmann [[Alf Mjøen]] med i det førebuande arbeidet.

Medlemstalet i Småbrukarlaget var på topp i tida rett etter andre verdskrigen med ca. 30 000 medlemmer. Ikkje minst strukturrasjonaliseringa i norsk jordbruk har naturleg nok ført til nedgang i tilslutninga. I 1970 var det 20 000 medlemmer, og dette steig litt under den grøne bølgja i det følgjande tiåret. Seinare har medlemstalet igjen gått attende. I 1988 var det ca. 14 000 medlemmer, og i dag er altså dette talet halvert.
Medlemstalet i Småbrukarlaget var på topp i tida rett etter andre verdskrigen med ca. 30 000 medlemmer. Ikkje minst strukturrasjonaliseringa i norsk jordbruk har naturleg nok ført til nedgang i tilslutninga. I 1970 var det 20 000 medlemmer, og dette steig noko under den grøne bølgja i det følgjande tiåret. Seinare har medlemstalet igjen gått attende. I 1988 var det ca. 14 000 medlemmer, og i dag er altså dette talet halvert.

Sideversjonen fra 10. okt. 2013 kl. 12:39

Norsk Bonde- og Småbrukarlag (ofte omtala som Småbrukarlaget) er ein fagleg og næringspolitisk medlemsorganisasjon for bønder småbrukarar. Organisasjonen vart skipa i 1913, og har i dag ca. 7000 medlemmer fordelt på 260 lokallag og 18 fylkeslag. Føremålet for samskipnaden er å fremje jordbrukets økonomiske og sosiale rammevilkår, mellom anna ved dei årlege jordbruksforhandlingane. Som viktige saker i dag (2013) framheld Småbrukarlaget auka matproduksjon, næringsutvikling, lokal foredling, god dyrevelferd og levande kulturlandskap.

Småbrukarlaget har heile tida vore partipolitisk uavhengig. Men fokuset på småbrukaren framfor den større bondens interesser har gjennom historia skapt eit nært meiningsfellesskap fyrst med Venstre og Arbeidardemokratane, så med Arbeidarpartiet frå slutten av 1930-åra, og frå 1970-åra av til dels også med Sosialistisk Venstreparti. Småbrukarlaget vart skipa som alternativ til Landmannsforbundet (Norges Bondelag), som danna Bondepartiet (Senterpartiet), og som også etter at Bondelaget og partiet skilde lag har hatt nær kontakt med denne politiske retninga.

Under namnet Norsk Småbruksforbund fann stiftinga stad på Eidsvoll folkehøgskole 22.-23. juni 1913. Initiativtakarar og drivande krefter i byrjinga var redaktør og småbrukar Halfdan Cock-Jensen og den jordbruksorienterte organisasjonsmannen Halfdan Egeberg. Dei to dreiv frå 1909 småbruket Mailand i Lørenskog, som dei gjorde til eit mønsterbruk for småbruksdrift. Cock-Jensen vart fyrste formann, og Egeberg var sekretær/generalsekretær frå byrjinga og i mange år frametter. Mellom andre var den sentrale arbeidardemokraten stortingsmann Alf Mjøen med i det førebuande arbeidet.