Norsk Bonde- og Småbrukarlag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:
Småbrukarlaget vart stifta 22. juni 1913 under namnet Norsk Småbruksforbund. Stiftingsmøtet fann stad på [[Eidsvoll folkehøgskole]]. Initiativtakarar og drivande krefter i byrjinga var redaktør og småbrukar [[Halfdan Cock-Jensen]] og den jordbruksorienterte organisasjonsmannen [[Halfdan Egeberg]]. Dei to dreiv frå 1909 småbruket [[Mailand (Lørenskog)|Mailand]] i [[Lørenskog]], som dei gjorde til eit mønsterbruk for småbruksdrift. Cock-Jensen vart fyrste formann, og Egeberg var sekretær/generalsekretær frå byrjinga og i mange år frametter. Mellom andre var den sentrale arbeidardemokraten stortingsmann [[Alf Mjøen]] med i det førebuande arbeidet.
Småbrukarlaget vart stifta 22. juni 1913 under namnet Norsk Småbruksforbund. Stiftingsmøtet fann stad på [[Eidsvoll folkehøgskole]]. Initiativtakarar og drivande krefter i byrjinga var redaktør og småbrukar [[Halfdan Cock-Jensen]] og den jordbruksorienterte organisasjonsmannen [[Halfdan Egeberg]]. Dei to dreiv frå 1909 småbruket [[Mailand (Lørenskog)|Mailand]] i [[Lørenskog]], som dei gjorde til eit mønsterbruk for småbruksdrift. Cock-Jensen vart fyrste formann, og Egeberg var sekretær/generalsekretær frå byrjinga og i mange år frametter. Mellom andre var den sentrale arbeidardemokraten stortingsmann [[Alf Mjøen]] med i det førebuande arbeidet.


1950-åra var ein glansperiode for organisasjonen med ca. 30 000 medlemmer rett etter krigen<ref>Pax leksikon (1978)</ref> og som i 1958 hadde stige til 43 000.<ref>Norsk allkunnebok (1959)</ref> Deretter følgde ein nedgang i 1960-åra i takt med strukturrasjonaliseringa i norsk jordbruk. I 1970 var det 20 000 medlemmer. Tilslutninga auka rett nok litt på nytt under den grøne bølgja i det følgjande tiåret, men deretter har medlemstalet igjen gått attende. I 1988 var det ca. 14 000 medlemmer,<ref>Store norske leksikon (1988)</ref> og i dag er altså dette talet halvert.<ref>Heimesida til Småbrukarlaget 10.10.2013</ref>
1950-åra var ein glansperiode for organisasjonen med ca. 30 000 medlemmer rett etter krigen<ref>Pax leksikon </ref> og som i 1958 hadde stige til 43 000.<ref>Norsk allkunnebok </ref> Deretter følgde ein nedgang i 1960-åra i takt med strukturrasjonaliseringa i norsk jordbruk. I 1970 var det 20 000 medlemmer. Tilslutninga auka rett nok litt på nytt under den grøne bølgja i det følgjande tiåret, men deretter har medlemstalet igjen gått attende. I 1988 var det ca. 14 000 medlemmer,<ref>Store norske leksikon</ref> og i dag er altså dette talet halvert.<ref>Heimesida til Småbrukarlaget 10.10.2013</ref>


== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>
== Kjelder og litteratur ==
* Mo, Kristian: Norsk Bonde- og Småbrukarlag 1913-1963.
* Norsk allkunnebok (Fonna forlag 1959)
* Pax leksikon (Oslo 1978)
* Store norske leksikon (1988)

Sideversjonen fra 10. okt. 2013 kl. 18:31

Norsk Bonde- og Småbrukarlag (ofte omtala som Småbrukarlaget) er ein fagleg og næringspolitisk medlemsorganisasjon for bønder og småbrukarar. Organisasjonen vart skipa i 1913, og har i dag ca. 7000 medlemmer fordelt på 260 lokallag og 18 fylkeslag. Føremålet for samskipnaden er å fremje jordbrukets økonomiske og sosiale rammevilkår, mellom anna ved dei årlege jordbruksforhandlingane. Som viktige saker i dag (2013) framheld Småbrukarlaget auka matproduksjon, næringsutvikling, lokal foredling, god dyrevelferd og levande kulturlandskap.

Småbrukarlaget har heile tida vore partipolitisk uavhengig. Men fokuset på småbrukaren framfor den større bondens interesser har gjennom historia skapt eit nært meiningsfellesskap frå fyrst av med Venstre og Arbeidardemokratane, frå midten av 1930-åra med Arbeidarpartiet, og frå 1970-åra av til dels også med Sosialistisk Venstreparti. Småbrukarlaget vart skipa som alternativ til Landmannsforbundet (Norges Bondelag), som danna Bondepartiet (Senterpartiet), og som også etter at Bondelaget og partiet skilde lag har hatt nær kontakt med denne politiske retninga.

Småbrukarlaget vart stifta 22. juni 1913 under namnet Norsk Småbruksforbund. Stiftingsmøtet fann stad på Eidsvoll folkehøgskole. Initiativtakarar og drivande krefter i byrjinga var redaktør og småbrukar Halfdan Cock-Jensen og den jordbruksorienterte organisasjonsmannen Halfdan Egeberg. Dei to dreiv frå 1909 småbruket Mailand i Lørenskog, som dei gjorde til eit mønsterbruk for småbruksdrift. Cock-Jensen vart fyrste formann, og Egeberg var sekretær/generalsekretær frå byrjinga og i mange år frametter. Mellom andre var den sentrale arbeidardemokraten stortingsmann Alf Mjøen med i det førebuande arbeidet.

1950-åra var ein glansperiode for organisasjonen med ca. 30 000 medlemmer rett etter krigen[1] og som i 1958 hadde stige til 43 000.[2] Deretter følgde ein nedgang i 1960-åra i takt med strukturrasjonaliseringa i norsk jordbruk. I 1970 var det 20 000 medlemmer. Tilslutninga auka rett nok litt på nytt under den grøne bølgja i det følgjande tiåret, men deretter har medlemstalet igjen gått attende. I 1988 var det ca. 14 000 medlemmer,[3] og i dag er altså dette talet halvert.[4]

Referansar

  1. Pax leksikon
  2. Norsk allkunnebok
  3. Store norske leksikon
  4. Heimesida til Småbrukarlaget 10.10.2013

Kjelder og litteratur

  • Mo, Kristian: Norsk Bonde- og Småbrukarlag 1913-1963.
  • Norsk allkunnebok (Fonna forlag 1959)
  • Pax leksikon (Oslo 1978)
  • Store norske leksikon (1988)