Norske kongelege i Sykkylven

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. des. 2015 kl. 09:38 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Sykkylven''' har ved to høve i moderne tid hatt vitjing av personar som har tilhøyrt det norske kongehuset. De første vitjinga skjedde sommaren 1946 då dåverande kronprins [...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven har ved to høve i moderne tid hatt vitjing av personar som har tilhøyrt det norske kongehuset. De første vitjinga skjedde sommaren 1946 då dåverande kronprins Olav var på rundreise og mellom anna vitja Sykkylven. Kongehuset hadde vore eit symbolsk samlingspunkt under fem lange krigsår, og vitjinga til kronprins Olav vart en folkefest der den nyvunne fridomen vart feira. Kronprinsen helsa bygdefolket frå trappa til Privatbanken i Aure sentrum. Då følgjet skulle vidare sette kronprinsen seg sjølv bak rattet i den opne kongebilen og vinka farvel.

Den neste kongelege vitjinga skjedde i 1993. Sommaren dette året var kong Harald V og dronning Sonja på det dei kalla eit "Silver cruise" langs norskekysten for å markere at dei hadde vore gifte i 25 år. 31. august 1993 ankra det norske kongeskipet "Norge" og det danske kongeskipet "Danebrog" opp i Sykkylvsfjorden utanfor Sykkylven småbåthamn. Dei to kongeborna, Haakon og Märtha, vart rodde i land med gamle sunnmørsbåtar og gjekk om bord i ein ventande buss for å bli med på ein guida tur i kommunen. Dei to vart møtte av ordførar Svein Helgheim og lokale skuleborn som hadde fått fri i høve den kongelege vitjinga.

Kjelder:

  • Eldar Høidal: Med lim og lupe i lokalsamfunnet. Sykkylvsbladet 1946 - 2006. Sykkylven 2006.
  • Red. Roald Solheim: Årbok for Sykkylven 1993.