Sunnmørsbanken, avd. Sykkylven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnmørsbanken A/S, avd. Sykkylven var ein avdelingsbank i Sykkylven tufta på den gamle forretningsbanken i kommunen, Søkelven og Omegns Privatbank.

Lenge før Sykkylven fekk eige kraftverk og industrien rimelege vokstervilkår, kom det på tale å få i stand ein forretningsbank i bygda. Nokre karar tok opp tanken og fekk han realisert. Det vart teikna aksjar for 120.000 kroner, og 2.april 1907 vart banken registrert under namnet Søkelven og Omegns Privatbank A/S.

Den sterke framvoksteren av industrien i slutten av 1930-åra og seinare førde med seg stor etterspurnad etter kapital og auka krav til gode banktenester. I 1947 vart banken slått saman med Ålesund og Møre Privatbank. I 1975 fekk ein i stand eit nært samarbeid med Sunnmøre Kreditbank og tok namnet Sunnmørsbanken A/S.

Sunnmørsbanken hadde ei tid kontor på i alt 18 stader på Sunnmøre, i Romsdal og i Oslo. Med ein forvaltningskapital på 3,5 millardar kroner og 370 tilsette var dette i 1983 den største banken mellom Bergen og Trondheim.

Tradisjonelt var den viktigaste oppgåva for banken å hjelpe næringslivet med driftskapital og finansiering av nybygg. I tillegg var privatpersonar og kommunen viktige kundar. M.a. dei mange bustadhus, idrettsanlegg, skular, aldersbustader m.m. banken har vore med og finansiert, vitnar om denne delen av verksemda. Betalingsformidling og valutaformidling var og viktige arbeidsområde for banken.

Sunnmørsbanken AS var blant dei første bankane som vart råka av den store bankkrisa i landet i slutten av 1980-åra. Då vart banken ei tida driven av Statens Banksikringsfond. Etter kvart vart det Kreditkassen som tok over Sunnmørsbanken, og seinare gjekk denne banken inn i den store nordiske bankeininga Nordea. I 2015 har Sykkylven eit veldrive Nordea-kontor som yter tenester både til private, kommune og næringsliv.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.