Nybuvegen (Sauherad)

Sideversjon per 6. jun. 2021 kl. 12:32 av Rool (samtale | bidrag)

Nybuvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune er ein skogsveg som går nordover frå Prestegardsvegen til Notodden kommunegrense på Roheimheia.

Vegen er om lag 9,4 km lang og har namn etter Nybustulane ved Visjå. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Desse blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.42638° N 9.27663° Ø