Ola L. Bergfall

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. jul. 2014 kl. 22:37 av Kiplesund (samtale | bidrag) (red. av foto)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola L. Bergfall (1896-1928) var ein fråhaldsaktivist frå Bergfall i Mjosundet i Aure kommune. Han var ein sentral person i Aure fråhaldslag (lokallag av Det Norske Totalavholdsselskap), samt leiar av eit songkor. Aure fråhaldslag æra Bergfall med ein bauta, etter at han døydde brått i ein alder av 32 år.

Engasjement i fråhaldsarbeid

Ola L. Bergfall engasjerte seg sterkt i arbeidet som Aure fråhaldslag dreiv. Innsatsen hans vart sett stor pris på, han vart mellom anna omtala som ein av fleire "kjende og dugande menn i avhaldsarbeidet på Nordmøre". Og i 1929, året etter at Bergfall gjekk bort, vart det halde fylkesstemne for Nordmøre fylke av DNT på Aure. Her vart minnet etter Bergfall og fleire andre personar heidra. Blant anna deltok Ole E. Flovik, sokneprest i Aure frå 1922 til 1936, med ein minnetale om Bergfall.

== Bautastein ==

Bautasteinen i 2012. Foto: K. Kiplesund

Aure fråhaldslag fekk reist ein bautastein over Ola L. Bergfall på Aure kyrkjegard. Innskrifta på steinen er: "Ola L. Bergfall 1896-1928. Kjærleik i gjerning og sanning. Trufast mot merket. Reist av Aure fråhaldslag".

Kjelder

Eksterne linkar

Nordmøre og Romsdal distrikt av DNT