Ola L. Bergfall
Ola Ingvald Larsson Bergfall (Bergfald) (fødd 1896, død 8. desember 1928) var ein gardbrukar og fråhaldsmann frå Bergfall på Ertvågsøya i Aure kommune. Han studerte ved Nordmøre fylkesskule på Bremsnes i Averøy.
Bergfall var ein sentral person i Aure fråhaldslag, som var eit lokallag av Det Norske Totalavholdsselskap. Elles var han leiar av Bergfall songkor (på folkemunne kalla "Skrekkje" eller "Bergfallskrekkje").
Aure fråhaldslag æra Ola L. Bergfall med ein minnestein, etter at han døydde av lungebetennelse berre 32 år gamal. I kyrkjeboka har presten i kolonna for merknader ved gravferda skrive: «Ola Bergfall: En nordmann i hvem der ikke var svik».[1]
Engasjement i fråhaldsarbeid
Ola L. Bergfall engasjerte seg sterkt i arbeidet som Aure fråhaldslag dreiv. Innsatsen hans vart sett stor pris på, han vart mellom anna omtala som ein av fleire "kjende og dugande menn i avhaldsarbeidet på Nordmøre". Og i 1929, året etter at Bergfall gjekk bort, vart det halde fylkesstemne for Nordmøre fylke av DNT på Aure. Her vart minnet etter Bergfall og fleire andre personar heidra. Blant anna deltok Ole E. Flovik, sokneprest i Aure frå 1922 til 1936, med ein minnetale om Bergfall.
Bautastein
Aure fråhaldslag fekk reist ein minnestein over Ola L. Bergfall på Aure kyrkjegard. Innskrifta på steinen er: "Ola L. Bergfall 1896-1928. Kjærleik i gjerning og sanning. Trufast mot merket. Reist av Aure fråhaldslag".
I 2014 fekk Molde og omegn fråhaldslag ordna med vedlikehald av steinen.
Kjelder
- Dødsfallsprotokoll 1927-1965 for Aure lensmannskontor
- Kenneth Kiplesund: Bauta over Ola L. Bergfall (død link)
- Minneord av Herm. Midttun, 10 des. 1928
- Telefonsamtale med Knut Hovland, Nordmøre og Romsdal distrikt av DNT
- Anbjørg Opsal, Lensvik
- Ivar Bergfald, Aure
- Ola L. Bergfall i Historisk befolkningsregister.