Ola L. Bergfall

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Foto av Ola Bergfall, truleg frå 1920-talet
Foto: Ukjend
Bautasteinen i 2012.
Bautasteinen etter vedlikehaldsarbeid, januar 2015.
Foto: Kenneth Kiplesund

Ola (Ingvald Larsson) Bergfall (Bergfald) (1896-1928) var ein gardbrukar og fråhaldsmann frå Bergfall i Mjosundet i Aure kommune. Han var ein sentral person i Aure fråhaldslag (lokallag av Det Norske Totalavholdsselskap), samt leiar av Bergfall songkor (også kalla "Skrekkje" eller "Bergfallskrekkje"). Aure fråhaldslag æra Bergfall med ein bauta, etter at han døydde av lungebetennelse berre 32 år gamal.

Engasjement i fråhaldsarbeid

Ola L. Bergfall engasjerte seg sterkt i arbeidet som Aure fråhaldslag dreiv. Innsatsen hans vart sett stor pris på, han vart mellom anna omtala som ein av fleire "kjende og dugande menn i avhaldsarbeidet på Nordmøre". Og i 1929, året etter at Bergfall gjekk bort, vart det halde fylkesstemne for Nordmøre fylke av DNT på Aure. Her vart minnet etter Bergfall og fleire andre personar heidra. Blant anna deltok Ole E. Flovik, sokneprest i Aure frå 1922 til 1936, med ein minnetale om Bergfall.

Bautastein

Aure fråhaldslag fekk reist ein bautastein over Ola L. Bergfall på Aure kyrkjegard. Innskrifta på steinen er: "Ola L. Bergfall 1896-1928. Kjærleik i gjerning og sanning. Trufast mot merket. Reist av Aure fråhaldslag".

I 2014 fekk Molde og omegn fråhaldslag ordna med vedlikehald av steinen.

Kjelder

  • Dødsfallsprotokoll 1927-1965 for Aure lensmannskontor
  • Telefonsamtale med Knut Hovland, Nordmøre og Romsdal distrikt av DNT
  • Anbjørg Opsal, Lensvik