Olai Skulerud

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 3. feb. 2016 kl. 11:04 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr, nn)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Olai Skulerud (født 12. august 1881 i Porsgrunn, død 1963) var språkforskar, cand. philol i 1906, dr. philos i 1918 på avhandlinga «Telemaalet i umriss» der det er spesielt tinndialekten han tek for seg. Han var lærar ved høgare skuler i Oslo 1907-1926, universitetsstipendiat 1911-1918, statsstipendiat i austlandsk målføregansking 1918-1934 og 1935-1939. Han var fyrstearkivar ved Norsk Målførearkiv 1939-1943. Frå 1943 var han professor i vestlandsk målføregransking ved Bergens Museum (seinare Universitet i Bergen). I 1922 publiserte han fyrste del av hovudverket sitt om lydlæra i tinnmålet, i 1938 kom bolk 2. Til saman utgjorde det 700 sider om dialekten. Han hadde eit mål om å gje ut 3 bind til om målføre i Tinn: formlære, målprøver og ei ordliste, men det vart det dessverre ikkje noko av.

Skulerud var i Tinn ved fleire høve. Sommaren 1904 sykla han rundt i Tinn og var i kontakt med bl.a. Ola Lurås og Halvor Haugann (Timmerfutgarden) i Austbygde, Kjetil Mårem i Atrå og Ola Blomhaugen på Mæl. I åra 1912-1916 hadde han lengre opphald i bygdene, og informantane vart fleire i alle sokna i heradet. Det var spesielt ein som utmerka seg: spelemannen Knut Dahle. Ved sida av å vera ein av dei beste hardingfelespelarane i landet var han òg ein dyktig forteljar. Dahle vaks opp på Dale i Vestfjorddalen – seinare flutte han til Jore i Atrå. Slik røynde han dei ulike nyansane som fanst i tinnmålet i dei 4 sokna. Skulerud sjølv seier at Dahle leverte “grunnstokken i tilfanget frå Tinn”.
Skulerud gav også ut hefte med ordliste etter Johan Storms undersøkingar i Tinn kring 1880. Siste gongen Skulerud vitja Tinn var i 1961, åtti år gamal.

Litteratur

  • Norsk biografisk leksikon. Bind XIV. Skredsvig-Stenersen. - Aschehoug, 1962
  • Klonteig, Olav: Tinnmålet. - Norgesforl., 2007
  • Sandøy, Helge: Olai Skulerud. - S. 80-112. - I: Frå smått og stort. - Universitetet i Bergen, Nordisk Institutt., 1988
  • {hbr1-1|pf01036392062403|Olai Skulerud}}.