Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

1 917 byte lagt til ,  15. des. 2014
ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 28: Linje 28:


== Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt ==
== Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt ==
Også ut over ekteskapet mellom Olav og Gudrun var det nært skyldskap og svogerskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den [[folkehøgskule]]- og [[Friskule|friskuleverksemda]] som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var ein sjølvsagd ingrediens i dette miljøet.
Også bortsett frå ekteskapet mellom Olav og Gudrun var det nært skyldskap og svogerskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den [[folkehøgskule]]- og [[Friskule|friskuleverksemda]] som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var sjølvsagde ingrediensar i dette miljøet.


Olav Aukrust d.e. hadde gått på folkehøgskulen til Christopher Bruun på Sel på slutten av 1860-talet. Der vart han kjend mellom andre med Ivar og [[Sigurd Blekastad]] og [[Andreas Austlid]]. Austlid vart styrar på den [[Friskulen i Lom|friskulen som vart driven på Ofigsbø]] i Lom i 1870-åra, og både Ivar og Sigurd Blekastad og Olav Aukrust var lærarar der. Initiativtakar til skulen var gardbrukaren på Ofigsbø, [[Hallvard Ofigsbø|Hallvard]] (1846-1928). Ivar Blekastad og Andreas Austlid vart gifte med kvar si av systrene til Hallvard Ofigsbø. Mor til Olav Aukrust d.e., Kari Hallvorsdotter (1830-1904) var også frå Ofigsbø, tanta til Hallvard og syskena hans.
Olav Aukrust d.e. hadde gått på folkehøgskulen til Christopher Bruun på Sel på slutten av 1860-talet. Der vart han kjend mellom andre med Ivar og [[Sigurd Blekastad]] og [[Andreas Austlid]]. Austlid vart styrar på den [[Friskulen i Lom|friskulen som vart driven på Ofigsbø]] i Lom i 1870-åra, og både Ivar og Sigurd Blekastad og Olav Aukrust var lærarar der. Initiativtakar til skulen var gardbrukaren på Ofigsbø, [[Hallvard Ofigsbø|Hallvard]] (1846-1928). Ivar Blekastad og Andreas Austlid vart gifte med kvar si av systrene til Hallvard Ofigsbø. Mor til Olav Aukrust d.e., Kari Hallvorsdotter (1830-1904), var også frå Ofigsbø, tanta til Hallvard og syskena hans.
 
Sosialt tilhøyrde familien på Nordgard Aukrust det solide gardbrukarsjiktet i Lom, enda om var ikkje av dei aller største. Det var ikkje nokon påfallande rikdom. Foreldra si kulturelle orientering var nok ei hovudforklaring på at borna fekk skikkeleg utdanning, men det kunne halde hardt økonomisk, og vart i nokon mon finansiert med lån. På den andre sida var det markant sosial og kulturell avstand til husmannssjiktet og proletariatet elles i bygda, slik ein annan, yngre diktar frå grannelaget har lagt klårt i dagen, Tor Jonsson. Olav Aukrusts haldning til bygdeproletariatet var tilsynelatande prega av nyfikne og fascinasjon, ja nesten av ei form for eksotisme, iallfall om vi skal ta diktinga hans om dette som truverdig skildring. I barndomen var fascinasjonen kanskje blanda med litt skrekk og gru over det han såg - ei einsleg attgløyme av ei plasskjering som hadde mista vetet, ein Tosten Raudskjegg som var kjend for å kunne trolle og som dei sa "stal og drap sau i fjellé/ og bar heim skinn/ ved midnattsleite/ du store min! I vaksen alder gjev han oss dette barndomsminnet frå ein gard som Nordgard Aukrust i diktsamlinga Hamar i Hellom:
 
:«På snor under jarnslegne kistelòk skråmande silketurklæ' i rekkje og rad,
 
::gule og svarte,
::grøne og raude og blåe og bjarte,
 
:stabbursloft og spir og tårnhus og klokkekolv - heim-ringjing til måls, skurdfolk rekande til gards, legdekallar i raudhuve, tuss og halvtumsing, kjerringar og fillute ungar, styr og ståk millom røys og reine: roglute fylgje, brandute hopar frå husmannsheimar mange; -»
 
Under Nordgard Aukrust høyrde to husmannsplassar i diktarens oppveksttid, Øvre og Nedre Aukrusttrædet. Ein tredje plass vart nedlagd om lag på den tida Olav var fødd, da plassfolket emigrerte til Amerika. Ein fjerde plass følgde med da gardsbruket Nørdre Aukrust vart frådelt i 1833.<ref>Kolden, J. 2005:548.</ref>


== Skulegang og sjukdom ==
== Skulegang og sjukdom ==
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer