Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
{{Under arbeid}}
{{thumb høyre|Olav Aukrust (1883-1929).jpg|Olav Aukrust. Udatert foto.|L. Forbechs eftf. (Kristiania) }}'''[[Olav Aukrust]]''' (fødd i [[Lom]] 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann, kulturvernentusiast og folkekunstsamlar, men framfor alt diktar. Han er ein av dei aller fremste lyrikarane i norsk litteratur.  
{{thumb høyre|Olav Aukrust (1883-1929).jpg|Olav Aukrust. Udatert foto.|L. Forbechs eftf. (Kristiania) }}'''[[Olav Aukrust]]''' (fødd i [[Lom]] 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann og kulturvernar, men framfor alt diktar. Han er ein av dei aller fremste lyrikarane i norsk litteratur.  


I form og innhald innbyr Olav Aukrusts dikting både til begeistring og til sterke motforestillingar. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi.  Naturmystikken er eit berande element både i nasjonalismen og religiøsiteten. Hans språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar.
I form og innhald innbyr Olav Aukrusts dikting både til begeistring og til sterke motforestillingar. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi.  Naturmystikken er eit berande element både i nasjonalismen og religiøsiteten. Hans språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar.


Dei nasjonalromantiske vyene om ei nordisk og norsk kulturell atterføding står i fokus hjå Aukrust, og han set seg som mål som sjåar og skald å påpeike og utløyse den nasjonale stordom i språk, kultur og sjeleliv. Det vil skje i ein syntese av norrøn kraft og kristen forklåring, symbolisert i det Aukrust sjølv kallar det «olsoknorske», med referanse til Olav den heilages kristningsverk. Realiseringa eller frigjeringa av den ekte norske [[folkeånd]] skal nåast i ei trinnvis foredling med inspirasjon frå det fjellnorske og genuint bondenorske via det landsnorske til det olsoknorske. Sagt på ein annan måte vil Aukrust bevege seg frå det lokale over det nasjonale til det universale, som også det olsoknorske i røynda representerer.  
Dei nasjonalromantiske vyene om ei nordisk og norsk kulturell atterføding står i fokus hjå Aukrust, og han set seg som mål som sjåar og skald å påpeike og utløyse den nasjonale stordom i språk, kultur og sjeleliv. Det vil skje i ein syntese av norrøn kraft og kristen forklåring, symbolisert i det Aukrust sjølv kallar det «olsoknorske», med referanse til Olav den heilages kristningsverk. Realiseringa eller frigjeringa av den ekte norske [[folkeånd]] skal oppnåast ved ei trinnvis foredling med inspirasjon frå det fjellnorske og genuint bondenorske via det landsnorske til det olsoknorske. Sagt på ein annan måte vil Aukrust bevege seg frå det lokale over det nasjonale til det universale, som også det olsoknorske i røynda representerer.  


Aukrust er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Ørnulf Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også tydeleg påverka av Austens religionar og mest direkte av [[teosofien]] og [[antroposofien]].
Aukrust er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Ørnulf Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også tydeleg påverka av Austens religionar og mest direkte av [[teosofien]] og [[antroposofien]].
Linje 28: Linje 28:


== Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt ==
== Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt ==
Også bortsett frå ekteskapet mellom Olav og Gudrun var det kjennskap, skyldskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den [[folkehøgskule]]- og [[Friskule|friskuleverksemda]] som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var sjølvsagde ingrediensar i dette miljøet.
Også bortsett frå ekteskapet mellom Olav og Gudrun var det kjennskap, skyldskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit større nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den [[folkehøgskule]]- og [[Friskule|friskuleverksemda]] som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var sjølvsagde ingrediensar i dette miljøet.


Olav Aukrust d.e. hadde gått på folkehøgskulen til Christopher Bruun på Sel på slutten av 1860-talet. Der vart han kjend mellom andre med Ivar og [[Sigurd Blekastad]] og [[Andreas Austlid]]. Austlid vart styrar på den [[Friskulen i Lom|friskulen som vart driven på Ofigsbø]] i Lom i 1870-åra, og både Ivar og Sigurd Blekastad og Olav Aukrust var lærarar der. Initiativtakar til skulen var gardbrukaren på Ofigsbø, [[Hallvard Ofigsbø|Hallvard]] (1846-1928). Ivar Blekastad og Andreas Austlid vart gifte med kvar si av systrene til Hallvard Ofigsbø. Mor til Olav Aukrust d.e., Kari Hallvorsdotter (1830-1904), var også frå Ofigsbø, tanta til Hallvard og syskena hans.
Olav Aukrust d.e. hadde gått på folkehøgskulen til [[Christopher Bruun]] [[Sel]] på slutten av 1860-talet. Der vart han kjend mellom andre med Ivar og [[Sigurd Blekastad]] og [[Andreas Austlid]]. Austlid vart styrar på den [[Friskulen i Lom|friskulen som vart driven på Ofigsbø]] i Lom i 1870-åra, og både Ivar og Sigurd Blekastad og Olav Aukrust var lærarar der. Initiativtakar til skulen var gardbrukaren på Ofigsbø, [[Hallvard Ofigsbø|Hallvard]] (1846-1928). Ivar Blekastad og Andreas Austlid vart gifte med kvar si av systrene til Hallvard Ofigsbø. Mor til Olav Aukrust d.e., Kari Hallvorsdotter (1830-1904), var også frå Ofigsbø, farsyster til Hallvard og syskena hans.


Sosialt tilhøyrde familien på Nordgard Aukrust det solide gardbrukarsjiktet i Lom, enda om garden ikkje var av dei aller største. Det var vanskelege tider for gardbrukarane i distriktet. Det kunne halde hardt økonomisk å skaffe borna på Nordgard Aukrust den gode utdanninga dei faktisk fekk. Foreldra si kulturelle orientering og idealisme er nok hovudforklaringa på at dei strekte seg så langt det kunne gå, mellom anna med låneopptak for å greie utgiftene. Men om det slett ikkje var nokon påfallande rikdom i heimen, var det på den andre sida stor sosial og kulturell avstand til husmannssjiktet og proletariatet elles i bygda, slik ein annan, yngre diktar frå same grannelaget, Tor Jonsson, har lagt så klårt i dagen. Olav Aukrusts personlege haldning til bygdeproletariatet var tilsynelatande prega av nyfikne og fascinasjon, ja nesten av ei form for eksotisme, iallfall om vi kan ta diktinga som direkte uttrykk for diktarens eigne kjensler. I barndomen var fascinasjonen kanskje ein tanke skrekkblanda, der han kunne støyte ei einsleg attgløyme av ei plasskjerring som hadde gått frå vitet, ein Tosten Raudskjegg som var kjend for å kunne trolle og som dei sa «stal og drap sau i fjellé/ og bar heim skinn/ ved midnattsleite/ du store min!» Han gjev oss også dette barndomsminnet frå ein gard som liknar Nordgard Aukrust:
Sosialt tilhøyrde familien på Nordgard Aukrust det solide gardbrukarsjiktet i Lom, enda om garden ikkje var av dei aller største. Det var vanskelege tider for gardbrukarane i distriktet. Det kunne halde hardt økonomisk å skaffe borna på Nordgard Aukrust den uvanleg gode utdanninga dei faktisk fekk. Foreldra si kulturelle orientering og idealisme er nok hovudforklaringa på at dei strekte seg så langt det kunne gå, mellom anna med låneopptak for å greie utgiftene. Men om det ikkje var nokon påfallande rikdom i heimen, var det på den andre sida stor sosial og kulturell avstand til husmannssjiktet og proletariatet elles i bygda, slik ein annan, yngre diktar frå same grannelaget, Tor Jonsson, har lagt så klårt i dagen. Olav Aukrusts personlege haldning til bygdeproletariatet var tilsynelatande prega av nyfikne og fascinasjon, ja nesten av ei form for eksotisme, iallfall om vi kan ta diktinga som direkte uttrykk for diktarens eigne kjensler. I barndomen var fascinasjonen grann skrekkblanda, der han kunne støyte ei einsleg attgløyme av ei plasskjerring som hadde gått frå vitet, ein [[Tosten Raudskjegg]] som var kjend for å kunne trolle, og som dei sa «stal og drap sau i fjellé/ og bar heim skinn/ ved midnattsleite/ du store min!» Aukrust gjev oss også dette barndomsminnet frå ein gard som liknar Nordgard Aukrust:


:«På snor under jarnslegne kistelòk skråmande silketurklæ' i rekkje og rad,
:«På snor under jarnslegne kistelòk skråmande silketurklæ' i rekkje og rad,
Linje 39: Linje 39:
::grøne og raude og blåe og bjarte,
::grøne og raude og blåe og bjarte,


:stabbursloft og spir og tårnhus og klokkekolv - heim-ringjing til måls, skurdfolk rekande til gards, legdekallar i raudhuve, tuss og halvtumsing, kjerringar og fillute ungar, styr og ståk millom røys og reine: roglute fylgje, brandute hopar frå husmannsheimar mange; -»
:stabbursloft og spir og tårnhus og klokkekolv - heim-ringjing til måls, skurdfolk rekande til gards, legdekallar i raudhuve, tuss og halvtumsing, kjerringar og fillute ungar, styr og ståk millom røys og reine: roglute fylgje, brandute hopar frå husmannsheimar mange; -


Mangt og mykje vitna om gamletida, da  garden hadde hatt betre tider:
::flesk og sylv og gamle jentur,
 
::«flesk og sylv og gamle jentur,
::kjerringarv og rike rentur,-
::kjerringarv og rike rentur,-


:vister og og gamle gongvegar, halvgløymde namn og nemne, kviskrande um tider då garden var i makt og alt i eit anna lag[...]»
:vister og og gamle gongvegar, halvgløymde namn og nemne, kviskrande um tider då garden var i makt og alt i eit anna lag[...]»


Gardbrukarane hadde mista kornmarknadene da det billege utanlandske kornet kom med jernbanen frå 1880-åra. Plassfolk og lausarbeidarar fór til Amerika og drog på anlegg.
Mangt og mykje vitna om gamletida, da garden hadde hatt betre tider. Gardbrukarane hadde mista kornmarknadene da det billege utanlandske kornet kom med jernbanen frå 1880-åra. Og dei heldt på å misse den billege arbeidskrafta si: Plassfolk og lausarbeidarar fór til Amerika og drog på anlegg.


Under Nordgard Aukrust høyrde to husmannsplassar i diktarens oppveksttid, Øvre og Nedre Aukrusttrædet. Ein tredje plass vart nedlagd om lag på den tida Olav var fødd, da plassfolket emigrerte til Amerika. Ein fjerde plass følgde med da gardsbruket Nørdre Aukrust vart frådelt i 1833.<ref>Kolden, J. 2005:548.</ref>
Under Nordgard Aukrust høyrde to husmannsplassar i diktarens oppveksttid, Øvre og Nedre Aukrusttrædet. Ein tredje plass vart nedlagd om lag på den tida Olav var fødd, da plassfolket emigrerte til Amerika. Ein fjerde plass følgde med det nye gardsbruket Nørdre Aukrust da dette vart frådelt Nordgard i 1833.<ref>Kolden, J. 2005:548.</ref>


== Skulegang og sjukdom ==
== Skulegang og sjukdom ==
Linje 64: Linje 62:


== Folkehøgskulemannen ==
== Folkehøgskulemannen ==
I staden for vidare studeringar byrja Aukrust i 1907 på ei lærarkarriere. Fyrste året, 1907-1908, arbeidde han i folkeskulen i Folldal. Der budde han hjå presten og diktaren [[Ivar Mortensson-Egnund]], og denne kontakten skulle få mykje å seie for Aukrusts orientering både kva gjeld det nasjonale, mystikken, målsaka og inngangen til den norrøne litteraturen.
I staden for vidare studeringar byrja Aukrust i 1907 på ein lærarkarriere. Fyrste året, 1907-1908, arbeidde han i folkeskulen i Folldal. Der budde han hjå presten og diktaren [[Ivar Mortensson-Egnund]], og denne kontakten skulle få mykje å seie for Aukrusts orientering både kva gjeld det nasjonale, mystikken, målsaka og inngangen til den norrøne litteraturen.


I to år deretter, 1908-1910, var Aukrust framhaldsskulelærar i heimbygda. I løpet av dei to åra fekk han publisert dei fyrste dikta sine alle i målbladet [[Den 17de Mai]]. Etter dette opphaldet i heimbygda tok han så til i det både han sjølv og andre reknar som den viktigaste innsatsen hans som lærar, nemleg i folkehøgskulen. Han var fyrst i tre år (1910-1913) på Østfold folkehøgskule. Den vart starta på nytt, etter mange års opphald, denne gongen på Mysen i Eidsberg, under leiing av lærar [[Olaf Funderud]]. Lærarar der var utanom Aukrust og Funderud, [[Per Svindland]] frå Valdres og [[Louise Walmsnæss]] frå Åmot. Året etter vart bror til Olav, landbrukskandidat Lars Aukrust også tilsett. Lars Aukrust og Louise Walmsnæss gifta seg sidan.
I to år deretter, 1908-1910, var Aukrust framhaldsskulelærar i heimbygda. I løpet av dei to åra fekk han publisert dei fyrste dikta sine alle i målbladet [[Den 17de Mai]]. Etter dette opphaldet i heimbygda tok han så til i det både han sjølv og andre reknar som den viktigaste innsatsen hans som lærar, nemleg i folkehøgskulen. Han var fyrst i tre år (1910-1913) på Østfold folkehøgskule. Den vart starta på nytt, etter mange års opphald, denne gongen på Mysen i Eidsberg, under leiing av lærar [[Olaf Funderud]]. Lærarar der var utanom Aukrust og Funderud, [[Per Svindland]] frå Valdres og [[Louise Walmsnæss]] frå Åmot. Året etter vart bror til Olav, landbrukskandidat Lars Aukrust også tilsett. Lars Aukrust og Louise Walmsnæss gifta seg sidan.
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer