Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 68: Linje 68:
I staden for vidare studeringar byrja Aukrust i 1907 på ein lærarkarriere. Fyrste året, 1907-1908, arbeidde han i folkeskulen i Folldal. Der budde han hjå presten og diktaren [[Ivar Mortensson-Egnund]], og denne kontakten skulle få mykje å seie for Aukrusts orientering både kva gjeld det nasjonale, mystikken, målsaka og inngangen til den norrøne litteraturen.

I to år deretter, 1908-1910, var Aukrust framhaldsskulelærar i heimbygda. I løpet av dei to åra fekk han publisert dei fyrste dikta sine alle i målbladet [[Den 17de Mai]]. Etter dette opphaldet i heimbygda tok han så til i det både han sjølv og andre reknar som den viktigaste innsatsen hans som lærar, nemleg i folkehøgskulen. Han var fyrst i tre år (1910-1913) på Østfold folkehøgskule. Den vart starta på nytt, etter mange års opphald, denne gongen på Mysen i Eidsberg, under leiing av lærar [[Olaf Funderud]]. Lærarar der var utanom Aukrust og Funderud, [[Per Svindland]] frå Valdres og [[Louise Walmsnæss]] frå Åmot. Året etter vart bror til Olav, landbrukskandidat Lars Aukrust også tilsett. Lars Aukrust og Louise Walmsnæss gifta seg sidan.
I to år deretter, 1908-1910, var Aukrust framhaldsskulelærar i heimbygda. I løpet av dei to åra fekk han publisert dei fyrste dikta sine, alle i målbladet [[Den 17de Mai]]. Etter dette opphaldet i heimbygda tok han så til i det både han sjølv og andre har sett som den viktigaste innsatsen hans som lærar, nemleg i folkehøgskulen. Han var fyrst i tre år (1910-1913) på Østfold folkehøgskule. Den var nystarta på Mysen i Eidsberg, under leiing av lærar [[Olaf Funderud]]. Lærarar der var utanom Aukrust og Funderud, [[Per Svindland]] frå Valdres og [[Louise Walmsnæss]] frå Åmot. Året etter vart bror til Olav, landbrukskandidat Lars Aukrust, også tilsett. Lars Aukrust og Louise Walmsnæss gifta seg sidan.

Ved folketeljinga 1910 finn vi Olav Aukrust som losjerande på Østre Haga i Eidsberg.<ref>{{folketelling person|pf01036351002868 |Olav Aukrust|1910|Eidsberg herad}}.</ref> Sommaren året etter gifta han og Gudrun Blekastad seg i heimen hennar i Gausdal. Prest ved vigselen var Christopher Bruun. I Eidsberg leigde ekteparet seg nå hus på garden [[Gardsegg]].

Linje 93: Linje 93:
På 1960- og 1970-talet kom Aukrusts dikting og ideologi under sterkt åtak frå fleire hald, ikkje minst frå den poltisk radikale og i utgangspunktet litterært modernistiske krinsen rundt tidsskriftet Profil. Forfattaren [[Tor Obrestad]] frå dette miljøet, og dessutan litteraturvitaren [[Eystein Eggen]] påpeikte det dei meinte er fascistoide trekk i Aukrusts lyrikk, og særleg sistnemnde påpeikar den nære ideologiske skyldskapen med den norske nasjonalsosialismen.

Partipolitiske haldningar kan vi av gjennomgådde kjelder ikkje sjå at Olav Aukrust har lagt for dagen. Han var oppvaksen i og inngifta i eit miljø som hadde gått frå [[Venstre]] frå 1880-åra av til [[Bondepartiet]] i 1920-åra. Broren Lars var stortingsmann for Bondepartiet, og den andre broren Paal var lokalpolitikar for det same partiet. Under krigen gjekk båe inn i NS, og Paal vart ordførar i Lom. Svogeren Lars Sulheim stod på felleslista til NS og Bygdefolkets krisehjelp i Oppland ved stortingsvalet i 1933, og også han stod i NS under krigen. Iallfall to markante kunstnarvener av Olav Aukrust, [[David Monrad Johansen]] og [[Wilhelm Rasmussen]] vart også nazistar.  
Partipolitiske haldningar kan vi av gjennomgådde kjelder ikkje sjå at Olav Aukrust har lagt for dagen. Han var oppvaksen i og inngifta i eit miljø som hadde gått frå [[Venstre]] frå 1880-åra av til [[Bondepartiet]] i 1920-åra. Broren Lars var stortingsmann for Bondepartiet, og den andre broren Paal var lokalpolitikar for det same partiet. Under krigen gjekk båe inn i NS, og Paal vart ordførar i Lom. Svogeren Lars Sulheim stod på felleslista til NS og Bygdefolkets krisehjelp i Oppland ved stortingsvalet i 1933, og også han stod i NS under krigen. Iallfall to markante kunstnarvener av Olav Aukrust, [[David Monrad Johansen]] og [[Wilhelm Rasmussen]] vart også nazistar. Bjørnar Vigerust, som i si tid fekk folkehøgskulen og Olav Aukrust til Dovre, vart NS-mann. Under nazistyret, allereie i desember 1940, ville Vigerust gjere ein freistnad på å realisere den mytiske lærdomsstaden Dovre ved å byggje opp eit stordimensjonert germansk, nordisk kultursentrum på Hjerkinn. Han la fram planane for statsråd Aksel Stang, men det kom ikkje noko vidare ut av det.<ref>Statsarkivet i Hamar: Gudbrandsdal politimeisterembete, landssvikavdelinga. Saksdokument, eske 5 1947, brev frå Vigerust til Stang 7.12.1940..</ref>

Olav Aukrust sjølv døydde tre-fire år før NS vart stifta som parti. Det er sjølvsagt fåfengt og kanskje urett å spekulere i om han ville vorte nazist om han hadde levd lenge nok. Men den påfallande vendinga mot nasjonalsosialismen i diktarens nærmiljø gjer det høgst relevant å stille spørsmålet om denne ideologien også kan avspeglast i hans litterære produksjon. Og det er ei kjensgjerning at bondeforherlegande, norrøndyrkande og blod- og jord-ideologiserte norske nazistar trykte Olav Aukrust til brystet som sin eigen diktar. Det er etter måten lett å skjøne når ein les liner som dette:

Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer