Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Utbygging)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 27: Linje 27:
Frå 1922 til hausten 1926 var Olav og Gudrun Aukrust separerte, og ho og borna budde hjå familien hennar i Gausdal. Det hadde samanheng med at Olav og systera til Gudrun, [[Margit Blekastad]], hadde eit kjærleiksforhold. Olav Aukrust og Margit Blekastad budde til dels i hop, mellom anna ein periode i eit eige hus på garden til [[Rikard Skjelkvåle]] i Skjåk.<ref>Det er gjort utførleg greie for dette forholdet i Jan Inge Sørbøs biografi over Olav Aukrust.</ref> Dei siste 3-4 åra av Olav Aukrusts liv budde igjen familien samla på Lyvjaberg.

== Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt ==
== Bakgrunn: Ein sosial og kulturell bygdeelite ==
Også bortsett frå ekteskapet mellom Olav og Gudrun var det kjennskap, skyldskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit større nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den [[folkehøgskule]]- og [[Friskule|friskuleverksemda]] som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var sjølvsagde ingrediensar i dette miljøet.

Linje 34: Linje 34:
Sosialt tilhøyrde familien på Nordgard Aukrust det solide gardbrukarsjiktet i Lom, enda om garden ikkje var av dei aller største. Det var vanskelege tider for gardbrukarane i distriktet. Det kunne halde hardt økonomisk å skaffe borna på Nordgard Aukrust den uvanleg gode utdanninga dei faktisk fekk. Foreldra si kulturelle orientering og idealisme er nok hovudforklaringa på at dei strekte seg langt det kunne gå, mellom anna med låneopptak for å greie utgiftene.  

Men om det ikkje var nokon påfallande rikdom i heimen, var det på den andre sida stor sosial og kulturell avstand til husmannssjiktet og proletariatet elles i bygda, slik ein annan, yngre diktar frå same grannelaget, Tor Jonsson, har lagt så klårt i dagen. Personleg hadde Olav Aukrust vener i det proletære miljøet. Særleg kan nemnast fiske- og fjellturkameraten Jørgen Anders Andersson Bråten (1883-1957), «Jørgen jeger og fisker», som budde saman med kone og etter kvart 12 ungar i ei lita stugu under Vålvål ikkje langt frå Nordgard Aukrust. Olav Aukrusts haldning til bygdeproletariatet var tilsynelatande prega av nyfikne og fascinasjon, ja nesten av ei form for eksotisme, iallfall om vi kan ta diktinga som direkte uttrykk for diktarens eigne kjensler. I barndomen var fascinasjonen ein grann skrekkblanda, der han kunne støyte på ei einsleg attgløyme av ei plasskjerring som hadde gått frå vitet, ein [[Tosten Raudskjegg]] som var kjend for å kunne trolle, og som dei sa «stal og drap sau i fjellé/ og bar heim skinn/ ved midnattsleite/ du store min!». Og vi møter dei andre i fleng: Randa-Knuten, Sanda-guten, Nygjordsvetlen, Beret burtafor («råe såta»), Dansar-Eli («den gratåta») og mange andre. Dette er fiktive karakterar, men som diktaren har lånt trekk til frå folk han sjølv kjende eller hadde høyrt om i grenda og bygda, og som bygdefolket i mange tilfelle lett kjende att når dei las «Aksion på Tande» og andre populære folkelivsskildringar frå Aukrusts hand.  
Men om det ikkje var nokon påfallande rikdom i heimen, var det på den andre sida stor sosial og kulturell avstand til husmannssjiktet og proletariatet elles i bygda, slik ein annan, yngre diktar frå same grannelaget, Tor Jonsson, har lagt så klårt i dagen.  
 
Personleg hadde Olav Aukrust vener i det proletære miljøet. Særleg kan nemnast fiske- og fjellturkameraten [[Jørgen Anders Andersson Bråten]] (1883-1957), «Jørgen jeger og fisker». Han var komen til Lom frå Hardanger før 1900. Han levde av arbeid som baud seg på gardane, og som tilnamnet seier, av jakt og fiske. Saman med kona og etter kvart 12 ungar budde Jørgen i ei lita stugu under Vålvål ikkje langt frå Nordgard Aukrust.  
 
Olav Aukrusts haldning til bygdeproletariatet var tilsynelatande prega av nyfikne og fascinasjon, ja nesten av ei form for eksotisme, iallfall om vi kan ta diktinga som direkte uttrykk for diktarens eigne kjensler. I barndomen var fascinasjonen ein grann skrekkblanda, der han kunne støyte på ei einsleg attgløyme av ei plasskjerring som hadde gått frå vitet, ein [[Tosten Raudskjegg]] som var kjend for å kunne trolle, og som dei sa «stal og drap sau i fjellé/ og bar heim skinn/ ved midnattsleite/ du store min!». Og vi møter dei andre i fleng: Randa-Knuten, Sanda-guten, Nygjordsvetlen, Beret burtafor («råe såta»), Dansar-Eli («den gratåta») og mange andre. Dette er fiktive karakterar, men diktaren har lånt trekk til dei frå folk han sjølv kjende eller hadde høyrt om i grenda og bygda, og som bygdefolket i mange tilfelle lett kjende att når dei las «Aksion på Tande» og andre populære folkelivsskildringar frå Aukrusts hand.  

Aukrust gjev oss også dette barndomsminnet frå ein gard som liknar Nordgard Aukrust:
Aukrust gjev oss også dette barndomsminnet frå ein gard som liknar Nordgard Aukrust:
Linje 50: Linje 54:
:vister og og gamle gongvegar, halvgløymde namn og nemne, kviskrande um tider då garden var i makt og alt i eit anna lag[...]»
:vister og og gamle gongvegar, halvgløymde namn og nemne, kviskrande um tider då garden var i makt og alt i eit anna lag[...]»

Mangt og mykje vitna om gamletida, da garden hadde hatt betre tider. Gardbrukarane hadde mista kornmarknadene da det billege utanlandske kornet kom med jernbanen frå 1880-åra. Og dei heldt på å misse den billege arbeidskrafta si: Plassfolk og lausarbeidarar fór til Amerika og drog på anlegg.
Garden hadde sett betre tider, og mangt og mykje vitna om desse gode gamle dagar. Gardbrukarane hadde mista kornmarknadene da det billege utanlandske kornet kom med jernbanen frå 1880-åra. Og dei heldt på å misse den billege arbeidskrafta si: Plassfolk og lausarbeidarar fór til Amerika og drog på anlegg.

Under Nordgard Aukrust høyrde to husmannsplassar i diktarens oppveksttid, Øvre og Nedre Aukrusttrædet. Ein tredje plass vart nedlagd om lag på den tida Olav var fødd, da plassfolket emigrerte til Amerika. Ein fjerde plass følgde med det nye gardsbruket Nørdre Aukrust da dette vart frådelt Nordgard i 1833.<ref>Kolden, J. 2005:548.</ref>

Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer