Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

Utbygging
(Sette inn bilete)
(Utbygging)
Linje 2: Linje 2:
{{thumb høyre|Olav Aukrust (1883-1929).jpg|Olav Aukrust. Udatert foto.|L. Forbechs eftf. (Kristiania) }}'''[[Olav Aukrust]]''' (fødd i [[Lom]] 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann og kulturvernar, men framfor alt diktar. Han er ein av dei aller fremste lyrikarane i norsk litteratur.  

I form og innhald innbyr Olav Aukrusts dikting både til begeistring og til sterke motforestillingar. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi.  Naturmystikken er eit berande element både i nasjonalismen og religiøsiteten. Hans språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar.
I form og innhald innbyr Olav Aukrusts dikting både til begeistring og til sterke motforestillingar. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi.  Naturmystikken er eit berande element både i nasjonalismen og religiøsiteten. Hans språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar. Og det er blitt påpeikt at hans barokke rikdom av ord, rim og biletbruk stundom kan ta overhand på kostnad av den eigentlege litterære kvaliteten.

Dei nasjonalromantiske vyene om ei nordisk og norsk kulturell atterføding står i fokus hjå Aukrust, og han set seg som mål som sjåar og skald å påpeike og utløyse den nasjonale stordom i språk, kultur og sjeleliv. Det vil skje i ein syntese av norrøn kraft og kristen forklåring, symbolisert i det Aukrust sjølv kallar det «olsoknorske», med referanse til Olav den heilages kristningsverk. Realiseringa eller frigjeringa av den ekte norske [[folkeånd]] skal oppnåast ved ei trinnvis foredling med inspirasjon frå det fjellnorske og genuint bondenorske via det landsnorske til det olsoknorske. Sagt på ein annan måte vil Aukrust bevege seg frå det lokale over det nasjonale til det universale, som også det olsoknorske i røynda representerer.  
Dei nasjonalromantiske og grundtvigianske vyene om ei nordisk og norsk kulturell atterføding står i fokus hjå Aukrust, og han set seg som mål som sjåar og skald å påpeike og utløyse den nasjonale stordom i språk, kultur og sjeleliv. Det vil skje i ein syntese av norrøn kraft og kristen forklåring, symbolisert i det Aukrust sjølv kallar det «olsoknorske», med referanse til Olav den heilages kristningsverk. Realiseringa eller frigjeringa av den ekte norske [[folkeånd]] skal oppnåast ved ei trinnvis foredling med inspirasjon frå det fjellnorske og genuint bondenorske via det landsnorske til det olsoknorske. Sagt på ein annan måte vil Aukrust bevege seg frå det lokale over det nasjonale til det universale, som også det olsoknorske i røynda representerer.  

Aukrust er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Ørnulf Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også tydeleg påverka av Austens religionar og mest direkte av [[teosofien]] og [[antroposofien]].

Linje 38: Linje 38:
Personleg hadde Olav Aukrust vener i det proletære miljøet. Særleg kan nemnast fiske- og fjellturkameraten [[Jørgen Anders Andersson Bråten]] (1883-1957), «Jørgen jeger og fisker». Han var komen til Lom frå Hardanger før 1900. Han levde av arbeid som baud seg på gardane, og som tilnamnet seier, av jakt og fiske. Saman med kona og etter kvart 12 ungar budde Jørgen i ei lita stugu under Vålvål ikkje langt frå Nordgard Aukrust.  

Olav Aukrusts haldning til bygdeproletariatet var tilsynelatande prega av nyfikne og fascinasjon, ja nesten av ei form for eksotisme, iallfall om vi kan ta diktinga som direkte uttrykk for diktarens eigne kjensler. I barndomen var fascinasjonen ein grann skrekkblanda, der han kunne støyte på ei einsleg attgløyme av ei plasskjerring som hadde gått frå vitet, ein [[Tosten Raudskjegg]] som var kjend for å kunne trolle, og som dei sa «stal og drap sau i fjellé/ og bar heim skinn/ ved midnattsleite/ du store min!». Og vi møter dei andre i fleng: Randa-Knuten, Sanda-guten, Nygjordsvetlen, Beret burtafor («råe såta»), Dansar-Eli («den gratåta») og mange andre. Dette er fiktive karakterar, men diktaren har lånt trekk til dei frå folk han sjølv kjende eller hadde høyrt om i grenda og bygda, og som bygdefolket i mange tilfelle lett kjende att når dei las «Aksion på Tande» og andre populære folkelivsskildringar frå Aukrusts hand.  
Olav Aukrusts haldning til bygdeproletariatet var tilsynelatande prega av nyfikne og fascinasjon, ja nesten av ei form for eksotisme, iallfall om vi kan ta diktinga som direkte uttrykk for diktarens eigne kjensler. I barndomen var fascinasjonen ein grann skrekkblanda, der han kunne støyte på ei einsleg attgløyme av ei plasskjerring som hadde gått frå vitet, ein [[Tosten Raudskjegg]] som var kjend for å kunne trolle, og som dei sa «stal og drap sau i fjellé/ og bar heim skinn/ ved midnattsleite/ du store min!». Og vi møter dei andre i fleng: Randa-Knuten, Sanda-guten, Nygjordsvetlen, Beret burtafor («råe såta»), Dansar-Eli («den gratåta») og mange andre. Diktaren har lånt trekk til desse litterære figurane frå folk han sjølv kjende eller hadde høyrt om i grenda og bygda, og som bygdefolket i mange tilfelle lett kjende att når dei las «Aksion på Tande» og andre populære folkelivsskildringar frå Aukrusts hand. Ja, kallenamna han brukar, er i mange tilfelle autentiske.

Aukrust gjev oss også dette barndomsminnet frå ein gard som liknar Nordgard Aukrust:
Aukrust gjev oss også dette barndomsminnet frå ein gard som liknar Nordgard Aukrust:
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer