Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

2 029 byte lagt til ,  28. des. 2014
Utbygging
Ingen redigeringsforklaring
(Utbygging)
Linje 84: Linje 84:
Aukrust var nå i i ferd med å arbeide ferdig den fyrste store diktsamlinga si, ''Himmelvarden'', og hadde praktiske problem med å kombinere dette med skulearbeidet. Han fekk Hallvard Blekastad til å trå inn som vikar, og hausten 1917 sa Aukrust opp posten sin. Han tok seg ikkje nokon lærarpost sidan, bortsett frå eit par månaders tid på [[Vest-Oppland folkehøgskule]] på Barndbu i 1923, men måtte gje seg der på grunn av sjukdom.
Aukrust var nå i i ferd med å arbeide ferdig den fyrste store diktsamlinga si, ''Himmelvarden'', og hadde praktiske problem med å kombinere dette med skulearbeidet. Han fekk Hallvard Blekastad til å trå inn som vikar, og hausten 1917 sa Aukrust opp posten sin. Han tok seg ikkje nokon lærarpost sidan, bortsett frå eit par månaders tid på [[Vest-Oppland folkehøgskule]] på Barndbu i 1923, men måtte gje seg der på grunn av sjukdom.


== Kulturvernar ==
== Kulturvernaren ==
Hausten 1918 kunne familien Aukrust flytte inn på Lyvjaberg, der Aukrust frå fyrst av hadde sett opp to gamle stover, ei frå Vigstad i Skjåk og ei frå Garmo.  
Hausten 1918 kunne familien Aukrust flytte inn på Lyvjaberg, der Aukrust frå fyrst av hadde sett opp to gamle stover, ei frå Vigstad i Skjåk og ei frå Garmo. Dei utstyrte og møblerte huset med gammal brukskunst som Aukrust kjøpte opp og samla i Lom og Skjåk. Det vart mykje meir enn som kunne få plass i eige hus. I 1925 selde Aukrust ei katalogisert samling til Lom kommune, og dette vart grunnstomnen i bygdemuseet i Presthaugen, ått og drive av Lom heimbygdslag. Men Aukrust heldt fram med å kjøpe opp antikvitetar, og to år seinare selde han ei ny samling til [[Jørgine Boomer]], husmannsjenta frå Bøverdalen som hadde gjort det stort i USA.<ref>Mæhle, L. 1965:35.</ref>
 
Aukrust såg det som ei oppgåve å bevare og fornye dei gamle handverkstradisjonane. Han støtta opp om den nye husflidsrørsla, mellom anna ved å stille som dommar på utstillingar.
 
Både det materielle og immaterielle kulturvernet var viktig for Aukrust. Med omsyn til det siste, er det verdt å nemne at han i 1914, medan han var folkehøgskulelærar i Gausdal, fekk eit universitetsstipend på kr. 200 for å fullføre eit arbeid om bygdemåla i Lom og Skjåk.<ref>Mæhle, L. 1965:14, der det blir referert til ''Universitets- og Skole-annaler'' (1914).</ref>
 
Aukrust engasjerte seg også sterkt for bevaring av folkemusikktradisjonane. Han medverka til at musikkgranskaren O.M.Sandvik byrja innsamlingsarbeidet sitt i Gudbrandsdalen, og særleg i Ottadalsbygdene, i 1916. Aukrust leverte sjølv mykje tradisjonsmateriale, slåttar og visestubbar, til dette samlingsarbeidet.
 
Ved stemner og kappleikar deltok Aukrust jamt som fagkunnig dommar, mellom anna saman med Sandvik ved [[Fel-Jakup]]-stemna i Skjåk i 1921. Aukrust spela sjølv fele, enda han vart hemma av å måtte amputere ein finger. Han hadde lært det av lokale spelemenn, fyrst og fremst [[Per Spelmann]] (1830-1907) som i likskap med Aukrust sjølv var frå Bøverdalen. Gode songarar og tradisjonsberarar som Aukrust trekte vekslar på var Barbro Klepp og døtrene hennar Eldri Aukrustbakken og [[Rønnaug Vangen]], som kom frå husmannsplassar rett i nærleiken av Nordgard Aukrust.<ref>Kjøk og Kjøk 1995:131.</ref>
 


== Diktinga ==
== Diktinga ==
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer