Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

1 024 byte lagt til ,  2. jan. 2015
ingen redigeringsforklaring
(Utbygging)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 142: Linje 142:
== Diktarkvartetten frå Lom og Skjåk ==
== Diktarkvartetten frå Lom og Skjåk ==
Olav Aukrust er etter manges meining den fremste lyrikaren i den kjende diktarkvartetten frå Lom og Skjåk: Aukrust sjølv, [[Tore Ørjasæter]] (1886-1968), [[Tor Jonsson]] (1916-1951) og [[Jan-Magnus Bruheim]] (1914-1988). Dei fire tilhøyrde parvis to ulike generasjonar, men var nært ihopbundne i kjennskap og vennskap, og deira diktekunst og bakgrunn kastar gjensidig lys over kvarandre. Jonsson, Bruheim og Ørjasæter vart nære omgangsvener, og Aukrust og Ørjasæter var personlege vener over ein 15-20 års periode fram til den fyrstnemnde sin tidlege død. Derimot rokk ikkje Aukrust å bli nemnande kjend med dei to yngste i kvartetten. Jan-Magnus Bruheim var berre ein gutunge på den tida Aukrust vanka i Skjåk på 1920-talet. Tor Jonsson var rett nok oppvaksen så å seia i same grenda som Aukrust, i ubetydeleg geografisk, men med betydningsfull sosial avstand, og vi har ikkje kjeldebelegg for at dei to har hatt personleg kontakt. I alle høve døydde den eldre diktaren før Jonsson og Bruheim vart vaksne og sjølve gjorde seg gjeldande som lyrikarar. Ein bindelekk mellom alle fire, vennskapeleg og kunstnarisk, var komponisten Sparre Olsen (1903-1984), som var mykje saman med både dei eldre og dei yngre i diktarkvartetten, og som skreiv tonar til dikt av kvar av dei.  

Med omsyn til sosial bakgrunn, representerte dei fire diktarane kvar sine av dei tre berande samfunnsgruppene i den type bygdesamfunn dei tilhøyrde. Olav Aukrust kom frå det som etter lokal målestokk var eit storbondesjikt (som var avhengige av leigd arbeidskraft i gardsdrifta), Tor Jonsson representerte det typiske bygdeproletariatet, medan dei to Skjåk-diktarane båe tilhøyrde det talmessig dominerande småbrukarsjiktet. Småbrukarane omfatta alt frå familiar på sjølvberga gardar som i hovudsak kunne drivast med familiearbeidskraft, og ned til mindre brukseiningar der familiane var avhengig av attåtnæringar, anten lønsarbeid eller handverk i eigen heim. Småbrukarsjiktet representerte eit modifiserande element i desse bygdesamfunna, både sosialt og politisk, og verka støytdempande i dei sterke motsetningane som elles gjorde seg gjeldande mellom storbøndene og husmanns-/arbeidarklassen. Både Bruheim og Ørjasæter kom frå den veletablerte, sjølvberga delen av småbrukarsjiktet i heimbygda.

== Bibliografi ==
== Bibliografi ==
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer