Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

Utbygging. Mellomlagring
(Utbygging)
(Utbygging. Mellomlagring)
Linje 85: Linje 85:

== Kulturvernaren ==
== Kulturvernaren ==
=== Antikivitetar og husflid ===
Hausten 1918 kunne familien Aukrust flytte inn på Lyvjaberg, der Aukrust frå fyrst av hadde sett opp to gamle stover, ei frå [[Vigstad]] i Skjåk og ei frå [[Garmo]]. Dei utstyrte og møblerte huset med gammal brukskunst som Aukrust kjøpte opp og samla i Lom og Skjåk. Det vart mykje meir enn dei fekk plass til i sin eigen heim. I 1925 selde Aukrust ei katalogisert samling til Lom kommune, og dette vart grunnstomnen i [[Lom bygdemuseum|bygdemuseet]] i Presthaugen, ått og drive av [[Lom heimbygdslag]]. Men Aukrust heldt fram med å kjøpe opp antikvitetar, og to år seinare selde han ei ny samling til [[Jørgine Boomer]], husmannsjenta frå Bøverdalen som hadde gjort det stort i USA.<ref>Mæhle, L. 1965:35.</ref>

Aukrust såg det som ei oppgåve å bevare og fornye dei gamle handverkstradisjonane. Han støtta opp om den nye husflidsrørsla, mellom anna ved å stille som dommar på utstillingar.
Aukrust såg det som ei oppgåve å bevare og fornye dei gamle handverkstradisjonane. Han støtta opp om den nye husflidsrørsla, mellom anna ved å stille som dommar på utstillingar.

Både det materielle og immaterielle kulturvernet var viktig for Aukrust. Med omsyn til det siste, er det verdt å nemne at han i 1914, medan han var folkehøgskulelærar i Gausdal, fekk eit universitetsstipend på kr. 200 for å fullføre eit arbeid om bygdemåla i Lom og Skjåk.<ref>Mæhle, L. 1965:14, der det blir referert til ''Universitets- og Skole-annaler'' (1914).</ref>
=== Dialektgransking og språkvern ===
Både det materielle og immaterielle kulturvernet var viktig for Aukrust. Med omsyn til det siste, er det verdt å nemne at han i 1914, medan han var folkehøgskulelærar i Gausdal, fekk eit universitetsstipend på kr. 200 for å fullføre eit arbeid om bygdemåla i Lom og Skjåk.<ref>Mæhle, L. 1965:14, der det blir referert til ''Universitets- og Skole-annaler'' (1914).</ref> Han hadde arbeidd meir eller mindre sporadisk med dette i mange år. I 1913 skriv han til sin tidlegare språklærar, professor Torleiv Hannaas, om korleis han da hadde planlagt at det ferdige arbeidet skulle sjå ut:
:''Målet i Lom og Skjåk''
: I. Bidrag til en norsk syntax.
:II. Tillæg. (A. Ordliste. B. Eventyr. C. Folkeviser. D. Gåter. E. Ordsprog. F. Dyre- og plantenavne. G. Stedsnavne.) Alt under II med ljodskrift, og med merknader.<ref>Brev til T.Hannaas, Mysen 12.2.1913, trykt i Aukrust,O. 1965:221-225.</ref>
 
Arbeidet vart aldri fullført og publisert, og gjennomgådde kjelder for denne artikkelen viser ikkje kva som måtte vere bevart av førearbeidet.

=== Folkemusikken ===
Aukrust engasjerte seg også sterkt for bevaring av folkemusikktradisjonane. Han medverka til at musikkgranskaren [[Ole Mørk Sandvik|O.M.Sandvik]] byrja innsamlingsarbeidet sitt i Gudbrandsdalen, og særleg i [[Ottadalen|Ottadalsbygdene]], i 1916. Aukrust leverte sjølv mykje tradisjonsmateriale - slåttar og visestubbar - til dette samlingsarbeidet.  

Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer