Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

Språkvask
Ingen redigeringsforklaring
(Språkvask)
Linje 68: Linje 68:
Han hadde planar om å bli forstmann, og søkte hausten 1900 på [[Statens skogskole i Kongsberg|skogskulen på Kongsberg]]. Han var da for ung til å kome inn, så han vart igjen verande heime eit år. I folketeljinga 1900 finn vi Olav Aukrust som gardsarbeidar på heimegarden.<ref>{{folketelling person|pf01037080001906|Olav Aukrust|1900|Nordgard Aukrust i Lom}}</ref> Han fekk ta til på Kongsberg i september 1901. Da hadde han allereie hatt ei ri med giktfeber. Eit nytt åtak av giktfeber og dertil leddtuberkulose, gjorde at han måtte avbryte skogskulen og leggjast inn på [[Dr. Jervells klinikk]] i Kristiania. Han måtte amputere ein finger på venstrehanda. Dette var særleg sårt for den unge Aukrust, da han også hyste visse draumar om ein musikalsk karriere. Sjølv med handikappet var han ein habil felespelar, og dyrka særleg den lokale folkemusikken. Igjen måtte Aukrust halde seg heime på garden i halvtanna år for å samle krefter att. Han bestemde seg nå for å gå inn i skulen.  

Frå hausten 1903 gjekk han [[Elverum lærarskule|lærarskulen på Elverum]] og tok lærarprøva der våren 1906. Den kjende målmannen, venstrepolitikaren og frå 1907 skuledirektør [[Olav Andreas Eftestøl]] var rektor der, og Aukrust hadde han som norsklærar.  
Frå hausten 1903 gjekk han [[Elverum lærarskule|lærarskulen på Elverum]] og tok lærarprøva der våren 1906. Den kjende målmannen, venstrepolitikaren og frå 1907 skuledirektør [[Olav Andreas Eftestøl]] var rektor der, og Aukrust hadde han og den seinare språkprofessor [[Torleif Hannaas]] som norsklærarar.  

Etter lærarskulen flytta Aukrust til Kristiania for å lese til artium. Det var vinteren 1906-1907. Han budde i [[Studenterhjemmet i Underhaugsveien i Oslo|Studenterhjemmet i Underhaugsveien]], og fekk noko økonomisk stønad frå «ei lærarinne i Elverum, frk. Torstensen»<ref>Mæhle, L. 1965:8</ref> høgst sannsynleg identisk med [[Ingeborg Torstejnson]], markant pedagog og lokal venstrepolitikar, Noregs fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentant. På denne tida vart han nærare kjend med Gudrun Blekastad, og dei trulova seg i 1907. Bror til Gudrun, kunststudenten Hallvard, hadde Aukrust vore god ven med alt i fleire år.  

Linje 75: Linje 75:

== Folkehøgskulemannen ==
== Folkehøgskulemannen ==
I staden for vidare studeringar byrja Aukrust i 1907 på ein lærarkarriere. Fyrste året, 1907-1908, arbeidde han i folkeskulen i Folldal. Der budde han hjå presten og diktaren [[Ivar Mortensson-Egnund]], og denne kontakten skulle få mykje å seie for Aukrusts orientering både kva gjeld det nasjonale, mystikken, målsaka og inngangen til den norrøne litteraturen.
I staden for vidare studeringar byrja Aukrust i 1907 på ein lærarkarriere. Fyrste året, 1907-1908, arbeidde han i folkeskulen i Folldal. Der budde han hjå presten og diktaren [[Ivar Mortensson-Egnund]], og denne kontakten skulle få mykje å seie for Aukrusts orientering både kva gjeld det nasjonale, den religiøse mystikken, målsaka og inngangen til den norrøne litteraturen.

I to år deretter, 1908-1910, var Aukrust framhaldsskulelærar i heimbygda. I løpet av dei to åra fekk han publisert dei fyrste dikta sine, alle i målbladet [[Den 17de Mai]]. Etter dette opphaldet i heimbygda tok han så til i det både han sjølv og andre har sett som den viktigaste innsatsen hans som lærar, nemleg i folkehøgskulen. Han var fyrst i tre år (1910-1913) på Østfold folkehøgskule. Den var nystarta på Mysen i Eidsberg, under leiing av lærar [[Olaf Funderud]]. Lærarar der var utanom Aukrust og Funderud, [[Per Svindland]] frå Valdres og [[Louise Walmsnæss]] frå Åmot. Året etter vart bror til Olav, landbrukskandidat Lars Aukrust, også tilsett. Lars Aukrust og Louise Walmsnæss gifta seg sidan.
I to år deretter, 1908-1910, var Aukrust framhaldsskulelærar i heimbygda. I løpet av dei to åra fekk han publisert dei fyrste dikta sine, alle i målbladet [[Den 17de Mai]]. Etter dette opphaldet i heimbygda tok han så til med det som skulle bli den viktigaste innsatsen hans som lærar, nemleg i folkehøgskulen. Han var fyrst i tre år (1910-1913) på Østfold folkehøgskule. Den var nystarta på Mysen i Eidsberg, under leiing av lærar [[Olaf Funderud]]. Lærarar der var utanom Aukrust og Funderud, [[Per Svindland]] frå Valdres og [[Louise Walmsnæss]] frå Åmot. Året etter vart bror til Olav, landbrukskandidat Lars Aukrust, også tilsett. Lars Aukrust og Louise Walmsnæss gifta seg sidan.

Ved folketeljinga 1910 finn vi Olav Aukrust som losjerande på Østre Haga i Eidsberg.<ref>{{folketelling person|pf01036351002868 |Olav Aukrust|1910|Eidsberg herad}}.</ref> Sommaren året etter gifta han og Gudrun Blekastad seg i heimen hennar i Gausdal. Prest ved vigselen var Christopher Bruun. I Eidsberg leigde ekteparet seg nå hus på garden [[Gardsegg]].

Linje 107: Linje 107:
Aukrust engasjerte seg også sterkt for bevaring av folkemusikktradisjonane. Han medverka til at musikkgranskaren [[Ole Mørk Sandvik|O.M.Sandvik]] byrja innsamlingsarbeidet sitt i Gudbrandsdalen, og særleg i [[Ottadalen|Ottadalsbygdene]], i 1916. Aukrust leverte sjølv mykje tradisjonsmateriale - slåttar og visestubbar - til dette samlingsarbeidet.  

Ved stemner og kappleikar deltok Aukrust jamt som fagkunnig dommar, mellom anna saman med Sandvik ved [[Fel-Jakup]]-stemna i Skjåk i 1921. Aukrust spela sjølv fele, enda han vart hemma av å måtte amputere ein finger. Han hadde lært det av lokale spelemenn, fyrst og fremst [[Per Spelmann]] (Per Olsen, 1830-1907, plassmann i Bakkestugu ved Tande i Bøverdalen). Gode songarar og tradisjonsberarar som Aukrust også lærde av, var Barbro Klepp og døtrene hennar, Eldri Aukrustbakken og [[Rønnaug Vangen]], som kom frå husmannsplassar rett i nærleiken av Nordgard Aukrust.<ref>Kjøk og Kjøk 1995:131.</ref>
Ved stemner og kappleikar deltok Aukrust jamt som fagkunnig dommar, mellom anna saman med Sandvik ved [[Fel-Jakup]]-stemna i Skjåk i 1921. Aukrust spela sjølv fele, enda han vart hemma av å måtte amputere ein finger. Han hadde lært det av lokale spelemenn, fyrst og fremst [[Per Spelmann]] (Per Olsen, 1830-1907, plassmann i Bakkestugu ved Tande i Bøverdalen). Gode songarar og tradisjonsberarar som Aukrust også lærde av, var [[Barbro Klepp]] og døtrene hennar, [[Eldri Aukrustbakken]] og [[Rønnaug Vangen]], som kom frå husmannsplassar rett i nærleiken av Nordgard Aukrust.<ref>Kjøk og Kjøk 1995:131.</ref>

Om Aukrust kunne spele på fele, vart han ikkje rekna som ordentleg spelemann av bygdefolket, men han hadde tillit som dommar på kappleikar. Han har elles betre renomme som munnharpespelar.<ref>Kjøk og Kjøk 1995:131-132.</ref>

=== Det rotnorske emnet ===
=== Det rotnorske emnet ===
Olav Aukrust hadde velartikulerte motiv og grunngjevingar for kulturverninteressa si. Det gjekk i eitt med hans diktriske mål om å finne attende til det opphavsnorske i stil og substans. Mellom anna uttrykte han det i eit brev til kona, kanskje som ei orsaking for at han fylte opp heimen deira med gamle ting:<ref>Brev til Gudrun Aukrust, datert Lom desember 1922, i Aukrust, O. 1965:275-276</ref>
Olav Aukrust hadde velartikulerte motiv og grunngjevingar for kulturverninteressa si. Det gjekk i eitt med hans diktariske mål om å finne attende til det opphavsnorske i stil og substans. Mellom anna uttrykte han det i eit brev til kona, kanskje som ei orsaking for at han fylte opp heimen deira med gamle ting:<ref>Brev til Gudrun Aukrust, datert Lom desember 1922, i Aukrust, O. 1965:275-276</ref>

:Difor vil du ogso tilgjeva meg min rasande lidenskap for ting, gamle ting, der det ''bygdanorske'' (som er roti og søta i det samnorske) synte seg fram i heile sin barnlege velde, og mest alltid so vedunderleg ''ekte''. [eg ser] noko fullkome fagert som i heile verdi ikkje finst maken til: ser ''den norske måten'', den norske stil åndeleg forklåra, den norske sersvip og eigenart, soleis som han vil te seg, når han fær uttala seg gjenom eit ur-geni som låg og brann og pintest i og av Gud [...]  

Linje 125: Linje 125:
Aukrust rokk å gje ut berre to diktsamlingar før han døydde, ''Himmelvarden'' (1916) og ''Hamar i Hellom'' (1926). Han hadde nesten ferdig ei tredje samling, som vart utgjeve posthumt ved Gudrun Aukrust og Jens Lindberg, ''Solrenning'' (1930). Året etter Solrenning gav dei same ut ei samling av etterlatte og til dels tidlegare publiserte dikt som dei kalla ''Norske Terningar'' 1931. I tekstsamlinga ''Skaldespor'' ved Leif Mæhle (1965) er det attgjeve fleire tidlegare utrykte dikt, og ein del av desse kom med i den nye utgåva av ''Dikt i samling'' 1967.

Da debutsamlinga kom i 1916, hadde Aukrust allereie i ti år fått trykt enkeltdikt, dei fleste i målbladet Den 17de mai, men også i tidsskrift som Syn og Segn og Bonden, og jamvel eit som vart publisert i Bondelagets programhefte 1916.<ref>Bibliografi i Aukrust, O. 1965.</ref> Debuten var diktet «Det haustar» i Den 17de Mai 1908, som vart teke med i Himmelvarden.
Da debutsamlinga kom i 1916, hadde Aukrust allereie i ti år fått trykt enkeltdikt, dei fleste i målbladet Den 17de mai, men også i tidsskrift som [[Syn og Segn]] og [[Bonden]], og jamvel eit som vart publisert i [[Norges Bondelag|Bondelagets]] programhefte 1916.<ref>Bibliografi i Aukrust, O. 1965.</ref> Debuten var diktet «Det haustar» i Den 17de Mai 1908, som vart teke med i Himmelvarden.

=== Eit diktarisk program ===
=== Eit diktarisk program ===
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer