Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Språkvask)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 207: Linje 207:
På 1960- og 1970-talet kom Aukrusts dikting og ideologi under sterkt åtak frå fleire hald, ikkje minst frå den poltisk radikale og i utgangspunktet litterært modernistiske krinsen rundt tidsskriftet Profil. Forfattaren [[Tor Obrestad]] frå dette miljøet, og dessutan litteraturvitaren [[Eystein Eggen]] påpeikte det dei meinte er fascistoide trekk i Aukrusts lyrikk, og særleg sistnemnde påpeikar den nære ideologiske skyldskapen med den norske nasjonalsosialismen.

Partipolitiske haldningar kan vi av gjennomgådde kjelder ikkje sjå at Olav Aukrust har lagt for dagen. Han var oppvaksen i og inngifta i eit miljø som hadde gått frå [[Venstre]] frå 1880-åra av til [[Bondepartiet]] i 1920-åra. Broren Lars var stortingsmann for Bondepartiet, og den andre broren Paal var lokalpolitikar for det same partiet. Under krigen var Paal NS-ordførar i Lom. Svogeren Lars Sulheim stod på felleslista til NS og Bygdefolkets krisehjelp i Oppland ved stortingsvalet i 1933, og også han stod i NS under krigen. Iallfall to framståande kunstnarvener av Olav Aukrust, [[David Monrad Johansen]] og [[Wilhelm Rasmussen]] melde seg inn i NS. Bjørnar Vigerust, som i si tid fekk folkehøgskulen og Olav Aukrust til Dovre, var NS-mann før og under okkupasjonen. Under nazistyret, allereie i desember 1940, ville Vigerust gjere ein freistnad på å realisere den mytiske lærdomsstaden Dovre ved å byggje opp eit stordimensjonert germansk og nordisk kultursentrum på Hjerkinn. Han la fram planane for statsråd [[Aksel Stang]], men det kom ikkje noko vidare ut av det.<ref>Statsarkivet i Hamar: Gudbrandsdal politimeisterembete, landssvikavdelinga. Saksdokument, eske 5 1947, brev frå Vigerust til Stang 7.12.1940..</ref>
Partipolitiske haldningar kan vi av gjennomgådde kjelder ikkje sjå at Olav Aukrust har lagt for dagen. Han var oppvaksen i og inngifta i eit miljø som hadde gått frå [[Venstre]] frå 1880-åra av til [[Bondepartiet]] i 1920-åra. Broren Lars var stortingsmann for Bondepartiet, og den andre broren Paal var lokalpolitikar for det same partiet. Under krigen var Paal NS-ordførar i Lom. Svogeren Lars Sulheim stod på felleslista til NS og Bygdefolkets krisehjelp i Oppland ved stortingsvalet i 1933. To framståande kunstnarvener av Olav Aukrust, [[David Monrad Johansen]] og [[Wilhelm Rasmussen]] melde seg inn i NS. Bjørnar Vigerust, som i si tid fekk folkehøgskulen og Olav Aukrust til Dovre, var NS-mann før og under okkupasjonen. Under nazistyret, allereie i desember 1940, ville Vigerust gjere ein freistnad på å realisere den mytiske lærdomsstaden Dovre ved å byggje opp eit stordimensjonert germansk og nordisk kultursentrum på Hjerkinn. Han la fram planane for statsråd [[Aksel Stang]], men det kom ikkje noko vidare ut av det.<ref>Statsarkivet i Hamar: Gudbrandsdal politimeisterembete, landssvikavdelinga. Saksdokument, eske 5 1947, brev frå Vigerust til Stang 7.12.1940..</ref>

Olav Aukrust sjølv døydde tre-fire år før NS vart stifta som parti. Det er sjølvsagt fåfengt og kanskje urett å spekulere i om han ville vorte nazist om han hadde levd lenge nok. Men den påfallande vendinga mot nasjonalsosialismen i diktarens nærmiljø gjer det høgst relevant å stille spørsmålet om denne ideologien også kan avspeglast i hans litterære produksjon. Og det er ei kjensgjerning at bondeforherlegande, norrøndyrkande og blod- og jord-ideologiserte norske nazistar trykte Olav Aukrust til brystet som sin eigen diktar. Det er etter måten lett å skjøne når ein les liner som dette:

Linje 230: Linje 230:
Det er i denne samanhengen viktig å påpeike at bonderomantikk, nasjonalisme og blod og jord-mystikk ikkje er ein spesifikt fascistisk eller nasjonalsosialistisk ideologi. I Noreg frå andre halvparten av 1800-talet og langt inn i etterkrigstida, var dette eit åndeleg fellesgods for breie, nasjonalt sinna og demokratiske rørsler. Det hadde røter i den tyske nasjonalromantikken med filosofen [[Johann Gottfried Herder]] som ein viktig opphavsperson, og vart formidla til Norden og Noreg særleg av [[Henrich Steffens]], [[Nikolai F.S. Grundtvig]] og [[Christopher Bruun]]. Store delar av norskdomsrørsla, derunder målrørsla, folkehøgskulane og dei frilynte ungdomslaga, hadde dette som ein felleskulturell ballast, og det strekte seg vel å merke langt utover nynorskmiljøa.  

Nasjonalromantikk impliserer rasetenking, i det minste framheving og dyrking av ulike folkeslags eigenart, men ikkje nødvendigvis rasehat. Og det ligg ikkje innbakt i nasjonalromantikken å gå inn for diktatur og om nødvendig terror og krig, noko som derimot karakteriserer fascismen og nazismen. Blant dei mange nordmenn som meir eller mindre medvite og uttala delte nasjonal- og bonderomantiske haldningar og kjensler, var det trass alt eit lite mindretal som slutta seg til NS. Det galdt også i Lom, sjølv om NS fekk ei samanlikningsvis god oppslutning der, særleg i det sosiale sjiktet som Aukrust-familien tilhøyrde.
Nasjonalromantikk impliserer rasetenking, i det minste framheving og dyrking av ulike folkeslags eigenart, men ikkje nødvendigvis rasehat. Og det ligg ikkje innbakt i nasjonalromantikken å gå inn for diktatur og «om nødvendig» terror og krig, noko som derimot karakteriserer fascismen og nazismen. Blant dei mange nordmenn som meir eller mindre medvite og uttala delte nasjonal- og bonderomantiske haldningar og kjensler, var det trass alt eit lite mindretal som slutta seg til NS. Det galdt også i Lom, sjølv om NS fekk ei samanlikningsvis god oppslutning der, særleg i det sosiale sjiktet som Aukrust-familien tilhøyrde.

== Diktarkvartetten frå Lom og Skjåk ==
== Diktarkvartetten frå Lom og Skjåk ==
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer