Olav Martin Bøe

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. jul. 2017 kl. 13:12 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Pass for ruten Bergen Newcastle for postkurer Olav Martin Bøe 1916.jpg|Det eine passet som Olav Martin Bøe nytta i tenesta som postkurer i ruta mellom Bergen og Newcastle under...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det eine passet som Olav Martin Bøe nytta i tenesta som postkurer i ruta mellom Bergen og Newcastle under første verdskrigen, utstedt 16. juni 1916. Det var strengt regulert kor lenge han hadde landlov i Newcastle. Passet er i privat eige.

Olav Martin Bøe, postbetjent og postmester. Han vart fødd i Bergen 1876, og døydde i Stavanger 1935. Etter middelskuleeksamen vart han frå februar 1894 tilsett som volontør ved Bergen postkontor, deretter som vikarierande assistent same stad, og frå 1898 som fast tilsett med ansvar for postsambandet Kristiania - Bergen. Under første verdskrigen var han postkurer på ruten mellom Bergen og Newcastle, 1914-1919, truleg med dampskipet SS Irma det meste av tida. Det ble sett på som ein relativt risikabel teneste. I 1919 vart han postmeister på Sortland i Nordland fram til 1922, då han byrja som postekspeditør på Nattruten mellom Bergen og Stavanger, der han busette seg fram til han gjekk av med pensjon grunna sjukdom i 1934.

Olav Martin Bøe var son av byggmeister Ingebrigt Bøe og gift med Anna Josefine Bøe f. Ødegaard, som var dotter av Anton Kristensen Ødegaard. Han hadde elles ei rekkje tillitsverv den tida han budde i Bergen, som medlem av kretsstyret Norsk Postmannslag, bibliotekar og landsmøtepresentant i Vestenfjeldske krins av Norsk Postmannslag i åra 1905-1917.

Kjelder og litteratur

  • Jacob Schøning: Norske posttjenestemenn 1903-47. Utg. Det Norske postmannslag, 1948.
  • Notat etter sonen Olav Bøe, privat eige.