Olav Naadland

Mal:Thumb høyreOlav Naadland (fødd i Seljord 16. juli 1899, død 14. oktober 1965) var lærar og folkehøgskulestyrar.

Foreldra var folkehøgskulestyrar Jakob Naadland (1870-1957) og Kitty Naadland fødd Olsen.

Olav Naadland var gift med Ingrid Nustad (fødd i Sør-Fron 1903, død på Gjøvik 1991). Ho var dotter til Gustav Amundsen Nustad (1871-1951) og Ingeborg Eriksdotter fødd Austlid (1876-1970). Faren hennar var gardbrukar, landhandlar og skysstasjonshaldar på Hundorp i Sør-Fron. Olav og Ingrid Nustad fekk fire born.

Olav Naadland eksamen ved Notodden private lærarskule i 1926. Han tok også artium og førebuande prøver i filosofi ved universitetet, men satsa fullt og heilt på ei yrkesgjerning i folkehøgskulen. Allereie før han tok lærareksamen vikarierte han ved Telemark folkehøgskule i Kviteseid (1922-1925) og ved Sunnhordland folkehøgskule (1923-1924). I 1926 vart han tilsett ved Gudbrandsdalens folkehøgskule, der han vart verande i 14-15 år. I 1940 tok han over som styrar ved Telemark folkehøgskule.

Kjelder og litteratur