Ole Andreas Øverland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Andreas Øverland (f. 1855 i Trondheim, død 1911 i Kristiania) var historikar. Foreldra var Ole Andreas Øverland og Gertine Birgitte fødd Moe.

Han studerte filologi og historie i Kristiania. Men han vart sjuk og kunne ikkje ta eksamen. Han var tilsett i Riksarkivet 1879–85, og her fekk han levande interesse for det rike historiske tilfanget som han stadig kom over.

Det første større arbeidet Øverland fekk trykt, var avhandlinga "Armfeldts Tog nordenfjelds 1718" (i Historisk Tidsskrift 1878). Om somrane heldt han føredrag på lærarkurs ymse stader i landet, og fekk ry som ein populær og samstundes kunnig historieforfattar.


Skreiv m.a. Illustreret Norges Historie (tolv band, 1895), som vart mykje omtykt, like eins Norske historiske Fortællinger (sju band, 1895–98). Fekk fast årsløn av Stortinget til studiearbeid.



Kjelder og litteratur

  • Coldevin, Axel: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind XIX. Oslo 1983.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!