Ole Andreas Øverland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Andreas Øverland (f. 1855 i Trondheim, død 1911 i Kristiania) var historikar. Foreldra var Ole Andreas Øverland og Gertine Birgitte fødd Moe. Han var gift første gong med Charlotte Louise Weltzin f. 1864, d. 1900), gift andre gong med Oline Brun (f. 1858, d. 1913).

Ole Andreas Øverland studerte filologi og historie i Kristiania, men han vart sjuk og kunne ikkje ta eksamen. Han var tilsett i Riksarkivet 1879–85, og her fekk han levande interesse for det rike historiske tilfanget som han stadig kom over.

Det første større arbeidet Øverland fekk trykt, var avhandlinga "Armfeldts Tog nordenfjelds 1718" (i Historisk Tidsskrift 1878). Om somrane heldt han føredrag på lærarkurs ymse stader i landet, og fekk ry som ein populær og samstundes godt kunnig historieforfattar.

Det var Jacob B. Bull som engasjerte Øverland til å skrive ei noregshistorie. Det var meininga at verket skulle koma som tillegg til Folkebladet i ti år. Tiltaket vart møtt med stor interesse, m.a. av Johan Ernst Sars, og forleggjarar gjorde avtale med Øverland om å utgje ei større noregshistorie. Etter ei ny avtale med Folkebladet, kom verket heftevis og vart avslutta i 1898 med året 1814. Noregshistoria vart etter kvart samla i ei praktutgåve. Folkeutgåva, Illustreret Norges Historie, kom i tolv band og vart mykje omtykt.

Øverland var òg medutgjevar av Norske Rigsregistranter og leverte elles større artiklar om ulike emne, t.d. "Kristiania Arbeidersamfunn 1864–89 (1889), "Jotunheimens Oppdagelse" (1896), "Møllergutten" (1896). Desse mindre arbeida vart utgjevne som sjølvstendige hefte, i alt nærare tretti stykke. Sidan vart dei samla i fem band med tittelen Norske historiske Fortællinger.

Da Øverland i 1897 var ferdig med den store noregshistoria, vart det teke initiativ til at han måtte få ei fast årsløn frå Storinget. Trass i at han var veikhelsa heldt han fram med historieskrivinga.

Han vart berre 56 år gamal, men etterlét seg ein stor produksjon. Han var ikkje nokon nyskapande historikar; han var ein popularisator med eit framifrå forfattartalent. Noregshistoria hans var eit pionerarbeid av di han nytta halvgløymde kjeldeskrifter. Verket vart selt i over tjue tusen eksemplar og var med på å gje lesarane ei forståing av nasjonal identitet.

Kjelder og litteratur

  • Coldevin, Axel: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind XIX. Oslo 1983.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!