Ole Christian Rasch: Forskjell mellom sideversjoner
(→Litteratur: kat) |
|||
Linje 7: | Linje 7: | ||
28. januar 1854 kom Rasch med familien til [[Jostedal|Jostedalen]] for å overta prestekallet etter å ha vorte utnemnd til sokneprest 27. august 1853. I Rasch si tid vart det gjort eit større arbeid med [[Jostedal kyrkje]], som fall saman med at det i 1860 var 200 år sidan kyrkja var bygt. I 1859 vart det skaffa ein ny messehakel, golvet i kyrkja vart opphøgd, det kom på plass ei ny kyrkjeklokke, og kyrkjegarden vart utvida med ny og høgare mur. Mest synleg var endringa i 1862 då den tjørebreidde borkledningen på kyrja vart riven ned og erstatta med kvitmåla bordkledning.<ref>Øvregard m.fl. 2010, s. 85, 109, 223f</ref> | 28. januar 1854 kom Rasch med familien til [[Jostedal|Jostedalen]] for å overta prestekallet etter å ha vorte utnemnd til sokneprest 27. august 1853. I Rasch si tid vart det gjort eit større arbeid med [[Jostedal kyrkje]], som fall saman med at det i 1860 var 200 år sidan kyrkja var bygt. I 1859 vart det skaffa ein ny messehakel, golvet i kyrkja vart opphøgd, det kom på plass ei ny kyrkjeklokke, og kyrkjegarden vart utvida med ny og høgare mur. Mest synleg var endringa i 1862 då den tjørebreidde borkledningen på kyrja vart riven ned og erstatta med kvitmåla bordkledning.<ref>Øvregard m.fl. 2010, s. 85, 109, 223f</ref> | ||
Rasch var [[Ordførarar i Jostedal kommune|ordførar i Jostedalen]] i tre periodar, fyrst i 1856, så 1859-1861 og 1863-1867. Han styrte òg [[Jostedal bygdemagasin]]. Rasch var sokneprest i Jostedalen i over 14 år, som var den lengste perioden nokon prest mellom 1792 ([[Matthias Foss]])og 1930 ([[Svein Medhus | Rasch var [[Ordførarar i Jostedal kommune|ordførar i Jostedalen]] i tre periodar, fyrst i 1856, så 1859-1861 og 1863-1867. Han styrte òg [[Jostedal bygdemagasin]]. Rasch var sokneprest i Jostedalen i over 14 år, som var den lengste perioden nokon prest mellom 1792 ([[Matthias Foss]])og 1930 ([[Svein Medhus]]) var i embetet. | ||
==Hafslo og Luster== | ==Hafslo og Luster== |
Sideversjonen fra 4. mai 2011 kl. 11:20
Ole Christian Rasch (fødd 11. februar 1809 i Kristiania, død 25. august 1879) tok teologisk embetseksamen 14. juni 1833.
Luster
Etter studiane var han i lengre tid huslærar hjå sokneprest Fleischer i Luster, der han seinare vart forlikskommisær og kasserar i fattigvesenet. Her gifte han seg 20. mars 1840 med prestedottera Andrea Wilhelmine Daae.
Sokneprest i Jostedalen
28. januar 1854 kom Rasch med familien til Jostedalen for å overta prestekallet etter å ha vorte utnemnd til sokneprest 27. august 1853. I Rasch si tid vart det gjort eit større arbeid med Jostedal kyrkje, som fall saman med at det i 1860 var 200 år sidan kyrkja var bygt. I 1859 vart det skaffa ein ny messehakel, golvet i kyrkja vart opphøgd, det kom på plass ei ny kyrkjeklokke, og kyrkjegarden vart utvida med ny og høgare mur. Mest synleg var endringa i 1862 då den tjørebreidde borkledningen på kyrja vart riven ned og erstatta med kvitmåla bordkledning.[1]
Rasch var ordførar i Jostedalen i tre periodar, fyrst i 1856, så 1859-1861 og 1863-1867. Han styrte òg Jostedal bygdemagasin. Rasch var sokneprest i Jostedalen i over 14 år, som var den lengste perioden nokon prest mellom 1792 (Matthias Foss)og 1930 (Svein Medhus) var i embetet.
Hafslo og Luster
16. september 1867 vart Rasch utnemnd til sokneprest i Hafslo. Han styrte sokneprestembetet i Jostedalen i eit knapt år til og heldt avskilstala 7. juni 1868. I Hafslo var han til november 1876 då han og kona flytte attende til Luster.
Notar
- ↑ Øvregard m.fl. 2010, s. 85, 109, 223f
Litteratur
- Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 336. (Digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
Forgjengar: Christian Bastholm Heltberg |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Andreas Emil Hansen |
Forgjengar: Johannes Halvorson Vamberg |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Lars Tøgerson Kronen |
Forgjengar: Lars Tøgerson Kronen |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: John A. Haugen |
Forgjengar: John A. Haugen |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Lars Tøgerson Kronen |