Ole Knutson Grov

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. okt. 2010 kl. 08:32 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ole Knutson Grov''' (fødd kring 1678, død kring 1754) var gardbrukarson frå Grov i Krundalen i Jostedalen. Han fekk 15. november 1712 bygselbrev på heimgarden og…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Knutson Grov (fødd kring 1678, død kring 1754) var gardbrukarson frå Grov i Krundalen i Jostedalen. Han fekk 15. november 1712 bygselbrev på heimgarden og dreiv bruket så lenge han levde. Han gifte seg kring 1714 med Anna Ottesdotter frå garden Sperla.

Ole K. Grov var klokkar i Jostedalen i mange år, og det var han som hadde klokkarposten då allmugeskulen vart skipa i prestegjeldet i 1741. Grov var alt då ein eldre mann, og i 1745 bad allmugen om at det vart ordna med arbeidshjelp for han, og det var då tale om sonen Otto.[1]

Ole Grov skal visstnok ha fått avløysing året etter, då versonen hans Ole Anderson Åsen skal ha vorte klokkar.[2] Han var gift med eldstedottera Martha.

Ein annan son, Knut (fødd kring 1720) vart student, truleg som den fyrste gardbrukarsonen frå Jostedalen. Han levde framleis i 1754, men døydde før 1774 utan å etterlate seg born.<Øyane 1994, s. 874</ref>

Notar

  1. Statsarkivet i Bergen, Indre Sogn prosti, Justisprotokoll nr. 1, fol. 104b
  2. Laberg 1944, s. 78

Litteratur

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.