Ole Olsson Nesje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (Teksterstatting – «[[Kategori: » til «[[Kategori:»)
Linje 8: Linje 8:


{{DEFAULTSORT: Nesje, Ole Olsson}}
{{DEFAULTSORT: Nesje, Ole Olsson}}
[[Kategori: Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori: Valgmenn]]
[[Kategori:Valgmenn]]
[[Kategori: Molde kommune]]
[[Kategori:Molde kommune]]
[[Kategori: Ordførere]]
[[Kategori:Ordførere]]
[[Kategori: Fødsler i 1773]]
[[Kategori:Fødsler i 1773]]
[[Kategori: Dødsfall i 1849]]
[[Kategori:Dødsfall i 1849]]
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 19. nov. 2023 kl. 22:15

Ole Olsson Nesje (1773-1849) var fødd på Sør-Nesje (bnr. 3) på Nesjestranda i 1773. Han vart gift med Sigrid Eriksdtr. Vågsæter i 1801. Dei fekk sju born saman, men berre fire levde opp. I 1803 tok han over garden etter faren, Ole Olsson (1737-1817). Då hadde det vore velstand på garden i fleire generasjonar, noko skiftematerialet frå garden vitnar om.

Ole Olsson Nesje tenestegjorde som soldat frå 1797 og i tolv år. Han enda som sersjant. Ole Olsson Nesje hadde fleire offentlege verv. Våren 1814 var han valmann for Veøy prestegjeld, og han heldt fram med å vere valmann heilt fram til 1826. I lang tid var han forstandar i Veøy kyrkje, noko som innebar at han skreiv ut bygselssetel på gardar og plassar som høyrde til kyrkja. Han var kommissær i forlikskommisjonen i perioden 1816-1849. I tillegg var han i periodar medlem i skule-, fattig- og likningskommisjon. Han vart i 1838 den første ordføraren i Veøy. Tilnamnet hans var «Nesjekongen».

Kjelder

  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, 1914, s. 332-333.
  • Solemdal, Arnold: Bygdebok for Nesjestranda, 1995, s. 170-171.