Ord og uttrykk knytt til kravellbygging: Forskjell mellom sideversjoner

Ny ordforklaring.
(→‎Brøker: ei brok til)
(Ny ordforklaring.)
Linje 44: Linje 44:
==Stråkjøl==
==Stråkjøl==
Stråkjølen er festa på kjølen med små hakar. Dei vart smidde ved båtbyggeriet i høveleg størrelse. På 60 fotingane var hakane om lag 11 cm. Stråkjølen vernar kjølen mot ytre skadar og mot makk. Kjølboltane har mutter under kjølen, og stråkjølen får forsenkingar for desse. For vern mot makk vart stråkjølen smurd med bunnstoff. I 1950- og '60-åra var det koparstoff. På den sida som skulle pressast mot kjølen vart det lagt tjærefilt, eller ein tjukk takpapp, og sausa på med bunnstoff. Så vert den festa med dei nemnde hakar. Dei vert felt inn i sida på både kjøl og stråkjøl. Med dette opplegget er det enkelt å skifte stråkjøl. På sleden båten står på når den vert slippa, er det festa 3 tommar tjukke klossar. Desse har lengdeveden på tvers på sleden. Ståkjølen vert skifta bitevis ved å kløyva desse klossane, og ta ned den gamle. Legge under ein ny og kile den oppunder kjølen, og feste med hakar.

==Laska spant==
Eit spant laga av eit tømmer får ikkje overlapping på skøytane slik som eit spant av to tømmer. Derfor vert det brukt ein lask over skøyten. (Namnet her må ikkje forvekslast med [[Ord og uttrykk knytt til kravellbygging#Laskeskøyt|laskeskøyt]] på kjøl og t.d. skandekk.) Lasken er ein planke skoren i same svai som spantet, og med lengde som går godt forbi skøyten. Dimensjonar her står i rimeleg forhold til spantet det skal boltast på. Lasken vert vanlegvis forbora, og spikra på spantet med skipsspikar. Forbore, er å bore eit hol der spikaren skal vera, det er for å hindre at arbeidstykket klovnar,- kløyvest.  Eit slikt enkelt spant må på eit vis bindast saman for i det heile å kunne handterast. Laskane vert spikra på under samanlegging, som elles blir som for [[doblingspant]]. På slike spant vert huda spikra, kalla spikarhud. Dette er ei løysing nytta på mindre båtar.

==Kjelde==
==Kjelde==
Skribenter
1 622

redigeringer