Ord og uttrykk knytt til kravellbygging: Forskjell mellom sideversjoner

→‎Skalme: Nytt avsnitt skalmebolt
(→‎Skalme: Nytt avsnitt skalmebolt)
Linje 52: Linje 52:
Eit spant laga av eit tømmer får ikkje overlapping på skøytane slik som eit spant av to tømmer. Derfor vert det brukt ein lask over skøyten. (Namnet her må ikkje forvekslast med [[Ord og uttrykk knytt til kravellbygging#Laskeskøyt|laskeskøyt]] på kjøl og t.d. skandekk.) Lasken er ein planke skoren i same svai som spantet, og med lengde som går godt forbi skøyten. Dimensjonar her står i rimeleg forhold til spantet det skal boltast på. Lasken vert vanlegvis forbora, og spikra på spantet med skipsspikar. Forbore, er å bore eit hol der spikaren skal vera, det er for å hindre at arbeidstykket klovnar,- kløyvest.  Eit slikt enkelt spant må på eit vis bindast saman for i det heile å kunne handterast. Laskane vert spikra på under samanlegging, som elles blir som for [[doblingspant]]. På slike spant vert huda spikra, kalla spikarhud. Dette er ei løysing nytta på mindre båtar.

==Skalme==
==Skalmebolt==
<!--Tekst frå Magnar kjem her om ikkje so brått ;) -->
Ein skalmebolt er ein bolt , i denne samanheng ein skips-spikar, med skalme på. Skalme er i enklaste samanlikning ei stoppskive av tre. Ved huding er det i regelen berre endane på ein hudplanke som vert festa permanent. I endane vert det innsenka for spikaren og seinare sett propper i innsenkinga. Skalmebolten vert brukt for å feste planken millombels i denne fyrste fasen, og vert innbora der det seinare skal vere nagle.
 
At resten av planken ikkje vert festa permanent når han vert lagd på har årsak i at det skal brukast trenaglar. Dei går gjennom huda, spanta og garneringa, i tillegg skal det innborast for støytbolt i neraste tømmer til skøyten på alle hudplankar. På ein 60 fots båt er støytbolten av ½ tomms galvanisert jern og går gjennom hud, spant og garnering, og vert klinka i begge endar. På utsida innsenka og proppa. Når det vert bora for og slege inn  trenaglane vert hudplanken virkeleg pressa til spanta og sit fast. Skalmeboltane som var nytta i fyrste fase kan no takast ut, det skjer ved at skalma kan kløyvast og ein dreg ut bolten med eit kubein. Skalma si oppgåve er å gi plass til kubeinet.

==Kjelde==
==Kjelde==
Skribenter
1 622

redigeringer