Ord og uttrykk knytt til sjøbruk i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. apr. 2010 kl. 17:38 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ord og uttrykk knytt til sjøbruk i Volda'''. ==Maure== Maure er å sjå på som førstehjelp og vart gjerne brukt når det hasta med å få stogga ein lekasje. Det er å få sagmas…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

'''Ord og uttrykk knytt til sjøbruk i Volda'''.

Maure

Maure er å sjå på som førstehjelp og vart gjerne brukt når det hasta med å få stogga ein lekasje. Det er å få sagmask (sagflis) til å trekke opp i sudene der vatnet kjem inn. Det skjer ved at ein fester eit skaft på ei høveleg kasse, fyller den med sagmask, sagflis, og ved hjelp av skaftet fører den inn under båten der behovet er størst. Vatnet tek med sagemasket inn i suda og det vert då med på å minske lekasjen. Over tid vil båten trutne (treverk svell opp i vatn) og om den ikkje vert brukbar tett må den på slipp og verte utbetra. Båtar som hadde stått lenge på land, og gjerne under tak slik at dei var igjennom turka, kunne det vera enklare med litt arbeid på førehand. Brukte då smelta dyrefeitt, talg, når den var fast i konsistensen kunne ein bruke ein klump og talge langsmed heile suda. Det heldt gjerne lenge nok til båten trutna

Startluft

Startluft og Start flaske er utrustning i maskinromet på båtar med totaktsmotor som er større enn det som ein lettvint bikkar i gang med handemakt. På startflaska er komprimert luft, startluft, som vert sleppt inn på sylinderen når motoren er tilnerma på topp. Startrøra er i stor dimensjon slik at lufta kjem inn som eit sjokk og stempelet går ned. Den store massa i svinghjulet kjem i sving. Rett utført så går motoren, går han feil veg vert han vend ved manuell betjening av innsprøtingspumpa. Når motoren er i gang vert startflaskene fylt oppatt ved hjelp av luft frå sylinderen.

Såpeslipp

Såpeslipp er gjerne felles namn på slipp med ei renne av treverk. Denne vart på mindre båtar smurt med såpe. På slipp for større båtar kokte ein smeltatalg av dyrefeitt, dette vert fastare og toler større vekt. Dyrefeitt fekk ein frå slakteria i kasser. Når renna skulle smørjast før opptrekk av båt varma ein smeltatalga opp til kokepunkt og smurde i renna. Hadde ein varm smurning vart det fast i renna sjølv om renna var våt. Båten stod på ein slede som gleid på smurningen i renna. Stundom kunne det vera aktuelt å smørja også sleden på undersida, då måtte den kvelvast. På ein slik slipp må båten leggast litt over til ei side og støttar seg då på ei pute som glid på slabeita, enkel eller dobbel etter om dette er laga for små eller større båtar.