Oscar Garman Nagelstad: Forskjell mellom sideversjoner
(folketellingslenker) |
(lagt til om kr.dom og arbeidarspm. + Rinde-ref) |
||
Linje 4: | Linje 4: | ||
Nagelstad var mellom prestane som tidleg gjekk over til nynorsk. Som smågut skal han ha vore ofte hjå bestefar sin og byrja å lære nynorsk. I studentåra var han mykje i Setesdalen og lærte seg meir og meir av målføret der. Då det vart prestelaust i Årdal, samla [[Årdal mållag]] i 1908 141 underskrifter bak ynsket om å få ein nynorsktalande prest. Folkeskulen hadde i åra før gått over til nynorsk opplæringsmål. Nagelstad vart utnemnd, og han brukte nynorsk. Det gjorde han òg som fyrste prest då han vikarierte i det prestelause Jostedalen i 1912-13. I Jostedalen brukte han òg nynorsk ved barnedåp.<ref>Hovdan-protokollen s. 185 og [[Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen]]</ref>. Han skal òg ha brukt nynorsk ved ymse høve i [[Landvik]]. | Nagelstad var mellom prestane som tidleg gjekk over til nynorsk. Som smågut skal han ha vore ofte hjå bestefar sin og byrja å lære nynorsk. I studentåra var han mykje i Setesdalen og lærte seg meir og meir av målføret der. Då det vart prestelaust i Årdal, samla [[Årdal mållag]] i 1908 141 underskrifter bak ynsket om å få ein nynorsktalande prest. Folkeskulen hadde i åra før gått over til nynorsk opplæringsmål. Nagelstad vart utnemnd, og han brukte nynorsk. Det gjorde han òg som fyrste prest då han vikarierte i det prestelause Jostedalen i 1912-13. I Jostedalen brukte han òg nynorsk ved barnedåp.<ref>Hovdan-protokollen s. 185 og [[Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen]]</ref>. Han skal òg ha brukt nynorsk ved ymse høve i [[Landvik]]. | ||
Nagelstad kom til Årdal samstundes som det vart lagd store planar om vasskraft- og industriutbygging i bygda. Anleggsarbeidet kom i gang i 1910, og kommunen såg føre seg at det snart kom til å bu 4-5000 menneske i bygda. Nagelstad drog difor i 1913 til Tyskland for å studere kristendomen i lys av arbeidarspørsmålet. Det skulle likevel gå 30 år før dei store planane vart realiserte. | |||
Nagelstad gifte seg 7. april 1901 med lærarinna Amunda Elise Hovbrender (1876-1956) frå Tønsberg, dotter av offiseren Christian B.O. Fredriksen og Cecilia Fredriksen. Dei fekk minst fire born. | Nagelstad gifte seg 7. april 1901 med lærarinna Amunda Elise Hovbrender (1876-1956) frå Tønsberg, dotter av offiseren Christian B.O. Fredriksen og Cecilia Fredriksen. Dei fekk minst fire born. | ||
Linje 21: | Linje 23: | ||
*Aure, Anton. (1924). Prestar som talar nynorsk. Stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja. Risør: Erik Gunleikson. ([http://www.nb.no/nbsok/nb/3c5aedce168ecb6fbf8ec8d75576ad13?index=6#77 Digital utgåve, NBdigital]) | *Aure, Anton. (1924). Prestar som talar nynorsk. Stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja. Risør: Erik Gunleikson. ([http://www.nb.no/nbsok/nb/3c5aedce168ecb6fbf8ec8d75576ad13?index=6#77 Digital utgåve, NBdigital]) | ||
*Ivar Aasen-tunet, Peder Hovdans Arkiv for norsk målreising, «Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195…» (handskriven protokoll), side 185. | *Ivar Aasen-tunet, Peder Hovdans Arkiv for norsk målreising, «Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195…» (handskriven protokoll), side 185. | ||
*Rinde, Harald. (1997). Den lange ventetida. I Rolv Petter Amdam, m.fl. (red.), ''Årdal. Verket og bygda 1947-1997'' (s. 57-83). Oslo: Samlaget, side 67. | |||
{{DEFAULTSORT: | {{DEFAULTSORT:Nagelstad, Oscar}} | ||
[[Kategori:Prester]] | [[Kategori:Prester]] | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] |
Sideversjonen fra 28. mai 2014 kl. 07:31
Oscar Garman Nagelstad (fødd 14. desember 1873 i Kristiansand, død 14. januar 1925 i Grimstad) vart student i 1893 og tok teologisk embetseksamen i 1899. Han var son av Torkel Gahrsen Nagelstad (f. 1848) og Bertine Elise Olsen (f. 1852). Farfaren Gahr Torkelsen Nagelstad var gardbrukar i Hægebostad.
I 1900 vart Nagelstad styrar ved Florø toårige middelskole, og frå 1902 var han lærar ved Fredrikstad middelskole for piger. I 1907 vart han stiftskapellan i Bergen stift før han året etter vart sokneprest i Årdal i Sogn og Fjordane. Her var han til han i 1915 vart sokneprest i Hommedal (Grimstad). Han fekk avskil på grunn av sjukdom i 1923 og døydde i 1925.
Nagelstad var mellom prestane som tidleg gjekk over til nynorsk. Som smågut skal han ha vore ofte hjå bestefar sin og byrja å lære nynorsk. I studentåra var han mykje i Setesdalen og lærte seg meir og meir av målføret der. Då det vart prestelaust i Årdal, samla Årdal mållag i 1908 141 underskrifter bak ynsket om å få ein nynorsktalande prest. Folkeskulen hadde i åra før gått over til nynorsk opplæringsmål. Nagelstad vart utnemnd, og han brukte nynorsk. Det gjorde han òg som fyrste prest då han vikarierte i det prestelause Jostedalen i 1912-13. I Jostedalen brukte han òg nynorsk ved barnedåp.[1]. Han skal òg ha brukt nynorsk ved ymse høve i Landvik.
Nagelstad kom til Årdal samstundes som det vart lagd store planar om vasskraft- og industriutbygging i bygda. Anleggsarbeidet kom i gang i 1910, og kommunen såg føre seg at det snart kom til å bu 4-5000 menneske i bygda. Nagelstad drog difor i 1913 til Tyskland for å studere kristendomen i lys av arbeidarspørsmålet. Det skulle likevel gå 30 år før dei store planane vart realiserte.
Nagelstad gifte seg 7. april 1901 med lærarinna Amunda Elise Hovbrender (1876-1956) frå Tønsberg, dotter av offiseren Christian B.O. Fredriksen og Cecilia Fredriksen. Dei fekk minst fire born.
Notar
- ↑ Hovdan-protokollen s. 185 og Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen
Kjelder og litteratur
- Gunnar Johannessen Stendal: Norske teologer, bd. 4 (Digitalarkivet)
- Mal:Folketelling person.
- Mal:Folketelling person.
- Mal:Folketelling person.
- Mal:Folketelling person.
- Vigsel i Nykirken, Bergen, 1901
- Mal:Folketelling person.
- Gravminner i Norge, DIS Norge (søk på Nagelstad)
- Aure, Anton. (1924). Prestar som talar nynorsk. Stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja. Risør: Erik Gunleikson. (Digital utgåve, NBdigital)
- Ivar Aasen-tunet, Peder Hovdans Arkiv for norsk målreising, «Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195…» (handskriven protokoll), side 185.
- Rinde, Harald. (1997). Den lange ventetida. I Rolv Petter Amdam, m.fl. (red.), Årdal. Verket og bygda 1947-1997 (s. 57-83). Oslo: Samlaget, side 67.