Oscar Garman Nagelstad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Forandrer til persistent url)
(lenkeretting)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Oscar Garman Nagelstad]]''' (fødd 14. desember 1873 i [[Kristiansand]], død 14. januar 1925 i [[Grimstad]]) vart student i 1893 og tok teologisk embetseksamen i 1899. Han var son av Torkel Gahrsen Nagelstad (f. 1848) og Bertine Elise Olsen (f. 1852). Farfaren Gahr Torkelsen Nagelstad var gardbrukar i [[Hægebostad]].

I 1900 vart Nagelstad styrar ved [[Florø toårige middelskole]], og frå 1902 var han lærar ved [[Fredrikstad middelskole for piger]]. I 1907 vart han stiftskapellan i [[Bergen stift]] før han året etter vart sokneprest i [[Årdal]] i [[Sogn og Fjordane]]. Her var han til han i 1915 vart sokneprest i [[Hommedal]] ([[Grimstad]]). Han fekk avskil på grunn av sjukdom i 1923 og døydde i 1925.
I 1900 vart Nagelstad styrar ved [[Florø toårige middelskole]], og frå 1902 var han lærar ved [[Fredrikstad middelskole for piger]]. I 1907 vart han stiftskapellan i [[Bergen stift]] før han året etter vart sokneprest i [[Årdal prestegjeld|Årdal]] i [[Sogn og Fjordane]]. Her var han til han i 1915 vart sokneprest i [[Hommedal]] ([[Grimstad]]). Han fekk avskil på grunn av sjukdom i 1923 og døydde i 1925.

Nagelstad var mellom prestane som tidleg gjekk over til nynorsk. Som smågut skal han ha vore ofte hjå bestefar sin og byrja å lære nynorsk. I studentåra var han mykje i Setesdalen og lærte seg meir og meir av målføret der. Då det vart prestelaust i Årdal, samla [[Årdal mållag]] i 1908 141 underskrifter bak ynsket om å få ein nynorsktalande prest. Folkeskulen hadde i åra før gått over til nynorsk opplæringsmål. Nagelstad vart utnemnd, og han brukte nynorsk. Det gjorde han òg som fyrste prest då han vikarierte i det prestelause Jostedalen i 1912-13. I Jostedalen brukte han òg nynorsk ved barnedåp.<ref>Hovdan-protokollen s. 185 og [[Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen]]</ref>. Han skal òg ha brukt nynorsk ved ymse høve i [[Landvik]].

Linje 14: Linje 14:
==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==
*[http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=teolog4&sideid=308 Gunnar Johannessen Stendal: Norske teologer, bd. 4] (Digitalarkivet)
*[http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=teolog4&sideid=308 Gunnar Johannessen Stendal: Norske teologer, bd. 4] (Digitalarkivet)
*{{folketelling person|pf01052210012657|Oskar Gahrmand Naglestad|1875|Kristiansand prestegjeld}}.
*{{folketelling|pf01052210012657|Oskar Gahrmand Naglestad|1875|Kristiansand prestegjeld}}.
*{{folketelling person|pf01053284012872|Oskar Gahrman Naglestad|1885|Kristiansand kjøpstad}}.
*{{folketelling|pf01053284012872|Oskar Gahrman Naglestad|1885|Kristiansand kjøpstad}}.
*{{folketelling person|pf01037336000734|O. Garman Nagelstad|1900|Florø ladested}}.
*{{folketelling|pf01037336000734|O. Garman Nagelstad|1900|Florø ladested}}.
*{{folketelling person|pf01037132008753|Amunda Hovbrender|1900|Tønsberg kjøpstad}}.
*{{folketelling|pf01037132008753|Amunda Hovbrender|1900|Tønsberg kjøpstad}}.
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/hending/hv00000000155414 Vigsel i Nykirken, Bergen, 1901]
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/hending/hv00000000155414 Vigsel i Nykirken, Bergen, 1901]
*{{folketelling person|pf01036723000535|Garman Nagelstad|1910|Årdal herred}}.
*{{folketelling person|pf01036723000535|Garman Nagelstad|1910|Årdal herred}}.

Sideversjonen fra 25. feb. 2015 kl. 13:40

Oscar Garman Nagelstad (fødd 14. desember 1873 i Kristiansand, død 14. januar 1925 i Grimstad) vart student i 1893 og tok teologisk embetseksamen i 1899. Han var son av Torkel Gahrsen Nagelstad (f. 1848) og Bertine Elise Olsen (f. 1852). Farfaren Gahr Torkelsen Nagelstad var gardbrukar i Hægebostad.

I 1900 vart Nagelstad styrar ved Florø toårige middelskole, og frå 1902 var han lærar ved Fredrikstad middelskole for piger. I 1907 vart han stiftskapellan i Bergen stift før han året etter vart sokneprest i Årdal i Sogn og Fjordane. Her var han til han i 1915 vart sokneprest i Hommedal (Grimstad). Han fekk avskil på grunn av sjukdom i 1923 og døydde i 1925.

Nagelstad var mellom prestane som tidleg gjekk over til nynorsk. Som smågut skal han ha vore ofte hjå bestefar sin og byrja å lære nynorsk. I studentåra var han mykje i Setesdalen og lærte seg meir og meir av målføret der. Då det vart prestelaust i Årdal, samla Årdal mållag i 1908 141 underskrifter bak ynsket om å få ein nynorsktalande prest. Folkeskulen hadde i åra før gått over til nynorsk opplæringsmål. Nagelstad vart utnemnd, og han brukte nynorsk. Det gjorde han òg som fyrste prest då han vikarierte i det prestelause Jostedalen i 1912-13. I Jostedalen brukte han òg nynorsk ved barnedåp.[1]. Han skal òg ha brukt nynorsk ved ymse høve i Landvik.

Nagelstad kom til Årdal samstundes som det vart lagd store planar om vasskraft- og industriutbygging i bygda. Anleggsarbeidet kom i gang i 1910, og kommunen såg føre seg at det snart kom til å bu 4-5000 menneske i bygda. Nagelstad drog difor i 1913 til Tyskland for å studere kristendomen i lys av arbeidarspørsmålet. Det skulle likevel gå 30 år før dei store planane vart realiserte.

Nagelstad gifte seg 7. april 1901 med lærarinna Amunda Elise Hovbrender (1876-1956) frå Tønsberg, dotter av offiseren Christian B.O. Fredriksen og Cecilia Fredriksen. Dei fekk minst fire born.

Notar

  1. Hovdan-protokollen s. 185 og Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen

Kjelder og litteratur