Osestølen (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. jul. 2012 kl. 13:26 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (lenker og småfiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Osestølen ligg i sentrum av Ustaoset, Hol kommune. Det er i dag (2012) lite att av stølsvollane, men dei har gitt rom for både hytter og parkeringsplassar. Det stølshuset som står att er ombygd i fleire omgangar og har dei siste åra vore leigd ut til turistar.

Osestølen er nemnt til garden Geilo, Ustedalen, i 1743, då Ola Vebjørnson Raunsgard og kona Rønnøg Arnesdotter brukte ein del av stølen som pant for eit lån frå Per Asgrimson Nerol, Holet.[1] Stølen er også nemnt til garden i 1755 i samband med eit gardssyn. [2] Ein annan del av stølen høyrde til Verpe, Ustedalen, og er nemnd då garden vart delt i 1745. Ola Hermoson søre Slettemoen, Moen, kjøpte denne stølsdelen av Eirik Knutson Verpe ved skøyte 1771. Ola må ha selt han vidare til Lars Asleson Vindegg (synste søre Kaupang, Kvisla), for ved skifte etter Lars i 1779, var Osestølen lista opp mellom stølane som høyrde til garden. I auksjonsskjøtet frå same år er Ola Sveinson frå Nordre søre Kaupang ført opp som kjøpar av garden med stølar.[3] [4]. Frå 1882 var heile Osestølen i Vindegg sitt eige, etter at Mikkel Olson Vindegg makeskifta til seg ein stølsvoll frå Myljo Slettemoen.[5]

I 1887 var det igjen auksjon i Kaupang, denne gongen over Vindegg (som frå 1863 var sett saman av nordre og synste søre Kaupang). Det var Per Mikkelson Vindegg, bror til den tidlegare eigaren Ola Mikkelson Vindegg, som fekk tilslaget. Ola fekk halde fram med å bu på Vindegg med kona Ingebjørg og dei 9 borna. Etter at kona døydde i 1897 budde han likevel på Osestølen mesteparten av året. Dottera Margit (f. 1882) fekk ansvaret for dei yngre syskena sine på Vindegg.

På denne tida var det stor aktivitet kring Osestølen i samband med bygginga av Bergensbanen. Etter salet av Vindegg hadde ikkje Ola lenger heimel til grunn på Ustaoset. Han sette likevel opp ein bygning i to høgder, som han brukte til handel og utleige av rom, mest til dei som arbeidde på jernbanen. Dette var forløparen til hotellet. Kring 1909 bygde han seg også gardsbruket Osheim. Han sette dessutan opp dei fyrste hyttene på Ustaoset. Frå 1907 var det sonen til Ola som eigde Vindegg og Osestøl-eigedomen. Han heitte også Ola, men vart gjerne kalla Ole O.. Ein rettstvist endte med deling av eigedomen mellom far og son. Faren vart sitjande med området kring Osheim og noko utmark, inkludert hotelltomta, ned mot Usta. Ola M. døydde i 1918.


Fotnotar

  1. Reinton b7, s. 338.
  2. Reinton b7, s. 298.
  3. Reinton b7, s. 294.
  4. Panteregister for Hol anneks (Digitalarkivet)
  5. Reinton b6, s. 316.


Litteratur

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Særleg soga om Vindegg: b6, s. 319-328.
  • Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år. Utg. Hol kommune, 2000- . Om Vindegg: b2, s. 140-142.