Otto Bjelland: Forskjell mellom sideversjoner
m (Robot: Erstatter mal: Reflist) |
|||
Linje 15: | Linje 15: | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
<references /> | |||
== Kjelder og litteratur == | == Kjelder og litteratur == |
Nåværende revisjon fra 8. mar. 2024 kl. 10:11
Otto Ottersen Bjelland (fødd 14. november 1886 på Bjelland, Stord, død 8. august 1982 på sjukehuset i Lærdal) var lærar, klokkar og folkeminnesamlar.
Otto Bjelland vaks opp på Stord. Foreldra var bonde Otto Tørresson Bjelland (1834-1921) og Gunhild Larsdatter Langeland (1846-1910). Han var gift med Helena Johannesdtr. (1884- 1955) fra Eldøy på Stord. Dei hadde 5 born.[1]
Han gjekk på Stord lærarskule og tok eksamen der i 1908. Fyrste lærarjobben var i Skånevik i 1908, så var han i Solund frå 1909, Time på Jæren frå 1913, Sarpsborg frå 1918, Sandnes frå 1920, og i Haflso frå 1922. I 1916 gjekk han på Statens Songkurs, og i 1921 gjekk han på Statens Teiknekurs..[2] Begge desse kursa nytta han godt i lærarjobben sin. I Hafslo var han lærar fram til han vart pensjonist.
Ved sida av lærarjobben var han aktiv i lokalmiljøet, og dirigerte kor dei fleste stadane han jobba som lærar. Han var også tonediktar og diktar, og gav ut diktsamlinga "Olsok-brising" i 1930.
I Etno-folkloristisk arkiv ved Universitetet i Bergen er det ei lita samling med segner frå 1924, som Otto Bjelland samla inn frå elevane sine.
Referansar
Kjelder og litteratur
- Bjelland, Otto 1930 Olsok-Brising S. Botnens boktrykkeri, Stord
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. Stavanger. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.