Pål Kluften: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{Under arbeid}} '''Pål Kluften''' (fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, diktar, folkemusikk- og folkeminnesamlar og ...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
{{Under arbeid}}
'''[[Pål Kluften]]''' (fødd i [[Nord-Fron]] 16. november 1888, død i [[Ringebu]] 30. april 1942) var typograf, spelemann, diktar, folkemusikk- og folkeminnesamlar og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Ikkje minst i hans eige distrikt [[Gudbrandsdalen]] var dette med på å fremje den massive [[Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen|overgangen til nynorsk]] i slutten av 1930-åra. Den tosidige ideologien hans har fått eit representativt lyrisk uttrykk i kvar sine av dei kanskje mest kjende songane hans: «Arbeidarmarsj» og «Dølamarsj».

Kluften er blant mykje anna kjend for å ha teke initiativ til Per Gynt-stemna på Vinstra, og for å ha ivra for å få ein historisk Per Gynt fram i lyset.
== Bakgrunn ==
Pål Kluften var fødd i eit eldhus i Rustehage grenda Ruste i Nord-Fron. Foreldra var ugifte arbeidsfolk. Mora heitte Marit Pålsdotter Kluften. Ho døydde da Pål var åtte år. Han flytta da til far sin, Iver Larsen Kongslibakken. I folketeljinga 1900 finn vi far og son på rydningsplassen Søre Grind (under gnr. 49.1 Nordre Grind). Faren er dagarbeidar og Pål går i folkeskulen.
== Fagopplæring og yrkesverksemd ==
Etter konfirmasjonen kom Pål i skreddarlære hjå Hans Sletten i [[Skåbu]]. Han fullførde ikkje læretida si, og byrja i staden i typograflære på Lillehammer i 1906. I folketeljinga 1910 finn vi han som «typograf i avis» i [[Drammen]]. Han er da gift og har eit barn på eitt år. Kona var Karen Solbjørg frå Øyer (1886-1937). Sonen deira heitte Ivar.
Kluften arbeidde i seks år som typograf i Drammen i arbeidaravisa [[Fremtiden]] under redaktør [[Torgeir Vraa]].
I 1913 flytta familien til Ringebu, der Kluften vart tilsett i trykkeriet til [[Bertrand Narvesen]]. Frå 1935 dreiv åtte og dreiv han Gudbrandsdalstrykkeriet, som sonen Ivar heldt fram med etter farens død i 1942.

Sideversjonen fra 8. apr. 2013 kl. 18:36

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Pål Kluften (fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, diktar, folkemusikk- og folkeminnesamlar og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Ikkje minst i hans eige distrikt Gudbrandsdalen var dette med på å fremje den massive overgangen til nynorsk i slutten av 1930-åra. Den tosidige ideologien hans har fått eit representativt lyrisk uttrykk i kvar sine av dei kanskje mest kjende songane hans: «Arbeidarmarsj» og «Dølamarsj».

Kluften er blant mykje anna kjend for å ha teke initiativ til Per Gynt-stemna på Vinstra, og for å ha ivra for å få ein historisk Per Gynt fram i lyset.

Bakgrunn

Pål Kluften var fødd i eit eldhus i Rustehage grenda Ruste i Nord-Fron. Foreldra var ugifte arbeidsfolk. Mora heitte Marit Pålsdotter Kluften. Ho døydde da Pål var åtte år. Han flytta da til far sin, Iver Larsen Kongslibakken. I folketeljinga 1900 finn vi far og son på rydningsplassen Søre Grind (under gnr. 49.1 Nordre Grind). Faren er dagarbeidar og Pål går i folkeskulen.

Fagopplæring og yrkesverksemd

Etter konfirmasjonen kom Pål i skreddarlære hjå Hans Sletten i Skåbu. Han fullførde ikkje læretida si, og byrja i staden i typograflære på Lillehammer i 1906. I folketeljinga 1910 finn vi han som «typograf i avis» i Drammen. Han er da gift og har eit barn på eitt år. Kona var Karen Solbjørg frå Øyer (1886-1937). Sonen deira heitte Ivar.

Kluften arbeidde i seks år som typograf i Drammen i arbeidaravisa Fremtiden under redaktør Torgeir Vraa.

I 1913 flytta familien til Ringebu, der Kluften vart tilsett i trykkeriet til Bertrand Narvesen. Frå 1935 dreiv åtte og dreiv han Gudbrandsdalstrykkeriet, som sonen Ivar heldt fram med etter farens død i 1942.