Peder Alsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. mai 2015 kl. 14:21 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Kjelde for fødsel.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyrePeder Alsvik (fødd på Semundset i Aure 26. juni 1882,[1] død 31. desember 1964) var ein arbeidarpartipolitikar og stortingsrepresentant frå Nordmøre.

Foreldra var Ole Andersen Alsvik (1856–1949) og Karen Bergitte Pedersdatter Sæmundset (1860–1897). Dei var gardbrukarar.

Frå 16-årsalderen var Peder Alsvik sjømann i innan- og utanriksfart, og han arbeidde i mange år som fiskar i inn- og utland. I 1912 stod han i spissen for skipinga av Norsk fangst- og fiskerforbund i Ålesund. Han var anleggsarbeidar på Raumabanen 1922-1923. Frå 1933 til 1942 og frå 1945 til 1956 var han administrator i Hypotekbankens avdeling i Trondheim.

I 1916 kom Alsvik inn i kommunestyret i Bremsnes, og sat fyrst ein periode (1916-1919). Deretter sat han samanhengande frå 1925 til 1934.

Alsvik var vararepresentant til Stortinget for Møre 1931-1936, og var deretter stortingsmann for Møre og Romsdal (Arbeidarpartiet) 1937-1953. Han sat i Stortingets sjøfarts- og fiskerikomite 1945-1954.

Peder Alsvik døydde den 31. desember 1964.


Kjelder