Per Vigstad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Per Vigstad]]''' (fødd i [[Skjåk]] [[9. oktober]] [[1867]], død i [[Oslo]] [[6. januar]] [[1959]]) var skulemann og jurist. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef for departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han mellom anna sentralt i arbeidet med realiseringa av [[einskapsskulen]] som ein kan seie vart fullført i og med [[Lov om høyere almenskoler 1935|skulelovene av 1935]] og [[folkeskulelovene av 1936|1936]].  
'''[[Per Vigstad]]''' (fødd i [[Skjåk]] [[9. oktober]] [[1867]], død i [[Oslo]] [[6. januar]] [[1959]]) var skulemann og jurist. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef for departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han mellom anna sentralt i arbeidet med realiseringa av [[einskapsskulen]] som ein kan seie vart fullført i og med [[Lov om høyere almenskoler 1935|skulelovene av 1935]] og [[folkeskulelovene av 1936|1936]]. Han var oppvaksen i yttarste fatigdom, og måtte mellom anna som gutunge livnære seg som gjetargut på Vestlandet. Såleis visste han godt frå eiga erfaring kor viktig det var å skape utvegar til fullverdig utdanning for alle og einkvar.





Sideversjonen fra 13. okt. 2011 kl. 18:53

Per Vigstad (fødd i Skjåk 9. oktober 1867, død i Oslo 6. januar 1959) var skulemann og jurist. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef for departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han mellom anna sentralt i arbeidet med realiseringa av einskapsskulen som ein kan seie vart fullført i og med skulelovene av 1935 og 1936. Han var oppvaksen i yttarste fatigdom, og måtte mellom anna som gutunge livnære seg som gjetargut på Vestlandet. Såleis visste han godt frå eiga erfaring kor viktig det var å skape utvegar til fullverdig utdanning for alle og einkvar.


Familie og oppvekst

Foreldra var Anne Persdotter frå Larskvea under Nord i Lund i Skjåk (1830-1927) og Sylfest Syversen frå Blikka under Bakke i same bygda (1830-1887). Per var den femte av i alt sju sysken (det eine døydde som spebarn). Dei tre fyrste var fødde før foreldra gifta seg. Da den fjerde vart døypt 23. juni 1861, var foreldra nyleg blitt gift og budde på plassen Kvernroa under Holmork.

Foreldra var plassfolk fleire stader i Skjåk før dei slo seg til på den nå forsvunne plassen Glåmbakken under Vigstad. Dit er dei komne innan folketeljinga i 1875.[1]I 1865 held dei til på plassen «Fladmoe», som også låg under Vigstad.[2]


Referansar