Per Vigstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Per Vigstad (fødd i Skjåk 9. oktober 1867, død i Oslo 6. januar 1959) var skulemann og jurist. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef for departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han mellom anna sentralt i arbeidet med realiseringa av einskapsskulen som ein kan seie vart fullført i og med skulelovene av 1935 og 1936. Han var oppvaksen i yttarste fatigdom, og måtte mellom anna som gutunge livnære seg som gjetargut på Vestlandet. Såleis visste han godt frå eiga erfaring kor viktig det var å skape utvegar til fullverdig utdanning for alle og einkvar.


Familie og oppvekst

Foreldra var Anne Persdotter frå Larskvea under Nord i Lund i Skjåk (1830-1927) og Sylfest Syversen frå Blikka under Bakke i same bygda (1830-1887). Per var den femte av i alt sju sysken (det eine døydde som spebarn). Dei tre fyrste var fødde før foreldra gifta seg. Da den fjerde vart døypt 23. juni 1861, var foreldra nyleg blitt gift og budde på plassen Kvernroa under Holmork.

Foreldra var plassfolk fleire stader i Skjåk før dei slo seg til på den nå forsvunne plassen Glåmbakken under Vigstad. Dit er dei komne innan folketeljinga i 1875.[1] I 1865 held dei til på plassen «Fladmoe», som også låg under Vigstad.[2]

Ved sida av plassen, der dei i følgje folketeljingane 1865 og 1875 kunne fø ei ku og ein gris og dyrke litt korn og poteter, dreiv faren som garvar og murar. Mora spann og vov for folk, men var særleg kjend som gjetar. Kvar sommar over mange, mange år låg ho i fjellet med store «gjetler» (husdyrflokkar under gjeting) av sau, stundom flokkar på over 1000 dyr. Ho hadde alltid ein av gutungane sine med seg, etter kvart som dei kom i høveleg alder. Det galdt også Per, inntil han som elleveåring tok på seg gjeting på Sunnmøre, på garden Linge i Valldal.

Per Vigstad gifta seg i 1912 med Sally Louise Glad. Ho hadde ei dotter, Ingeborg, som Vigstad adopterte. Per og Sally Vigstad hadde ikkje born saman. I seinare år budde familien på Bestun i Oslo.


Utdanning og lærargjerning

Folka på Linge hjelpte den gløgge gjetarguten til å kome på amtsskulen på Sunnmøre, noko som vart starten på ei utdannings- og yrkeskarriere som få med hans bakgrunn fekk maken til. I 1885 vart han oppteken ved Tromsø seminar, og var ferdig utdanna lærar i 1887. Han nytta seg av ordninga med fri undervisning ved seminaret mot å lære samisk og ta pliktteneste som lærar i fem år i språkblanda distrikt. Han verka som lærar i Finnmark, Troms og Nordland i til saman 10 år. Mellom anna var han i Lyngen (Kåfjord) og Tysfjord.

I Lyngen fekk han privatundervisning i tysk og latin av presten Hornemann. Han fekk hospitere ved den høgre skulen i Bodø i tre månader og tok mellomskuleeksamen.

Vigstad tok så latinartium i Kristiania i 1895 og anneneksamen ved universitetet i 1897. Fagstudiet, jus, gjennomførte han med embetseksamen i 1901

Referansar