Per Vigstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. okt. 2011 kl. 19:22 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging av artikkel)
Hopp til navigering Hopp til søk

Per Vigstad (fødd i Skjåk 9. oktober 1867, død i Oslo 6. januar 1959) var skulemann og jurist. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef for departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han mellom anna sentralt i arbeidet med realiseringa av einskapsskulen som ein kan seie vart fullført i og med skulelovene av 1935 og 1936. Han var oppvaksen i yttarste fatigdom, og måtte mellom anna som gutunge livnære seg som gjetargut på Vestlandet. Såleis visste han godt frå eiga erfaring kor viktig det var å skape utvegar til fullverdig utdanning for alle og einkvar.


Familie og oppvekst

Foreldra var Anne Persdotter frå Larskvea under Nord i Lund i Skjåk (1830-1927) og Sylfest Syversen frå Blikka under Bakke i same bygda (1830-1887). Per var den femte av i alt sju sysken (det eine døydde som spebarn). Dei tre fyrste var fødde før foreldra gifta seg. Da den fjerde vart døypt 23. juni 1861, var foreldra nyleg blitt gift og budde på plassen Kvernroa under Holmork.

Foreldra var plassfolk fleire stader i Skjåk før dei slo seg til på den nå forsvunne plassen Glåmbakken under Vigstad. Dit er dei komne innan folketeljinga i 1875.[1] I 1865 held dei til på plassen «Fladmoe», som også låg under Vigstad.[2]

Ved sida av plassen, der dei i følgje folketeljingane 1865 og 1875 kunne fø ei ku og ein gris og dyrke litt korn og poteter, dreiv faren som garvar og murar. Mora spann og vov for folk, men var særleg kjend som gjetar. Kvar sommar over mange, mange år låg ho i fjellet med store «gjetler» (husdyrflokkar under gjeting) av sau, stundom flokkar på over 1000 dyr. Ho hadde alltid ein av gutungane sine med seg, etter kvart som dei kom i høveleg alder. Det galdt også Per, inntil han som elleveåring tok på seg gjeting på Sunnmøre, på garden Linge i Valldal.

Per Vigstad gifta seg i 1912 med Sally Louise Glad. Ho hadde ei dotter, Ingeborg, som Vigstad adopterte. Per og Sally Vigstad hadde ikkje born saman. I seinare år budde familien på Bestun i Oslo.


Utdanning og lærargjerning

Folka på Linge hjelpte den gløgge gjetarguten til å kome på amtsskulen på Sunnmøre, noko som vart starten på ei utdannings- og yrkeskarriere som få med hans bakgrunn fekk maken til. I 1885 vart han oppteken ved Tromsø seminar, og var ferdig utdanna lærar i 1887. Han nytta seg av ordninga med fri undervisning ved seminaret mot å lære samisk og ta pliktteneste som lærar i fem år i språkblanda distrikt. Han verka som lærar i Finnmark, Troms og Nordland i til saman 10 år. Mellom anna var han i Lyngen (Kåfjord) og Tysfjord.

I Lyngen fekk han privatundervisning i tysk og latin av presten Hornemann. Han fekk hospitere ved den høgre skulen i Bodø i tre månader og tok mellomskuleeksamen.

Vigstad tok så latinartium i Kristiania i 1895 og anneneksamen ved universitetet i 1897. Fagstudiet, jus, gjennomførte han med embetseksamen i 1901


Skulebyråkrat

Rett etter embetseksamen fekk Vigstad tilsetjing som sekretær i undervisningsavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Han arbeidde så med skulespørsmål i departementet i resten av si yrkeskarriere, heilt til han fekk avskil i nåde i 1938. Den viktigaste saka han arbeidde med i heile karrieren, var spørsmålet om einskapsskulen.

Den fyrste store oppgåva han vart pålagd i samband med dette, var å vere sekretær for den departementsoppnemnde Einskapsskulekomiteen av 1911. Komiteen var oppretta etter framlegg frå Stortinget «om nedsettelse av en komite til utredning av spørsmaalet om en nærmere tilkntning mellom folkeskolen og den høiere almenskole.» Komiteen avgav innstilling 14. mai 1913 og med avsluttande merknader etter høyringsrunder 21. mai 1915.[3]

Frå 1914 var Vigstad byråsjef for det nyoppretta 3. skulekontor (folkeskulekontoret), og avanserte i 1919 til ekspedisjonssjef for avdelinga for folkeskulevesenet, frå 1927 også for undervisningsavdelinga.

Vigstad kunne i si embetstid følgje prosessen mot einskapsskulen til og med lov om den høgare allmennskulen 1935 og folkeskulelovene av 1936. Han var embetsmann, ikkje politikar, men etter alt å dømme var han sterkt personleg oppteken av nettopp desse sakene. Eit vitnemål om det finn vi i Aftenpostens 70-års-omtale av Vigstad: «Vi vil ikke legge skjul på at vi ingenlunde har været enig i den skolepolitiske linje som har været fulgt i de år hr. Vigstad har været ekspedisjonschef og som han selv har været en varm forkjemper for.»[4] Omtalen er elles svært anerkjennande kva gjeld Vigstads dugleik og arbeidskraft, og avisa takkar han for «elskverdighet og imøtekommenhet ved alle anledninger».

Referansar

  1. Folketeljinga 1875 for Skjåk
  2. Folketeljinga 1865 for Skjåk
  3. Haffner nr. 1073 (side 598)
  4. Aftenposten 9.10.1937