Pikhaug (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jul. 2012 kl. 14:09 av Jobr (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Pikhaug (Luster, gnr. 202/5) er eit gardsbruk i Mjølverdalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Mjølver.

Bruksdeling 1830

Pikhaug var det fyrste bruket som vart fråskild i Mjølver. Det var på dette tidspunktet berre to matrikulerte bruk under matrikkelgarden: Mjølver (no bnr. 1) og Bjørkehaugen (no bnr. 7). Det tredje opphavlege bruket, Nigard var etter avtaksforretninga i 1742 stroken frå matrikkelen.

Skylddelingsforretninga der Pikhaug vart frådelt, vart halden 8.6.1830. Bruket fekk med seg 1/3 av skylda frå hovudbruket Mjølver, og skylda vart dermed 16 merker smør. Den fyrste brukaren var Anders Endreson Mjølver og Agatha Paulsdotter. Ho kom frå Mjølver, så det var far hennar som frådelte og selde bruket.

Ved frådelinga fekk Pikhaug med seg husmannsplassen i Ospehaugen (Kleivi)). Plassen vart i 1883 fråskild som bnr. 6. Seinare er òg nokre tomter fråskilde.

Sidan 1974 er Pikhaug driven som tilleggsbruk til Sperløyane.

Gardshusa

Det noverande stovehuset vart bygt i 1924. Det eldre stovehuset som då vart rive, var truleg oppsett ved frådelinga i 1830. Det gamle uthuset vart òg rive då eit nytt vart oppsett i 1972. Ovanfor stovehuset står eit stabbur som truleg vart bygt kring 1830.

Kjelder og litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 620-627. (Digital utgåve, NBdigital)

Mal:Infoboks gardsbruk


Koordinater: 61°39′34.08″ N 7°16′41.81″ Ø