Portugisarjødar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Esnogaen i Altona, bygd etter løyve frå danskekongen i 1771.

Portugis(ar)jødar eller portugis(er)jøder Mal:Nb er ei jødisk gruppe som har sitt hovudopphav i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet.

Portugisarjødane er ei eiga gruppe som med tradisjonar, musikk og språk skil seg ut frå bl.a.:

Ritualet til portugisarjødane er særprega og er basert på ritualet på Den iberiske halvøya føre utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske bené Roma og frå marokkanske sefardím.

Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Noreg frå 1657 til 1814, og igjen frå 1844.

Omgrep

Det finst mange ulike omgrep i bruk ved sida av portugis(ar)jødar. Blant desse kan nemnast spanjolar, ponentinske jødar, jødar av den portugisiske nasjon og vestlege sefardím.

Spanjolar eller spanske jødar

Denne folkegruppa har til dels har gått under namn av typen spanske jødar (særleg bruka i Italia) eller spanjolar (særleg i Danmark, og da til forskjell frå spaniere, som blir bruka om ikkje-jødar frå Spania). Desse namna heng saman med at gruppa fram til 1492 i all hovudsak heldt til i dei områda vi i dag kjenner som Spania.

Blant italienske jødar blir omgrepet Ebrei Spagnoli (‘spanske jødar’) ofte bruka. Merk at dette omgrepet inkluderer etterkommarane etter dei jødane som vart utviste frå kongedømmet Napoli i tillegg til dei typiske portugisarjødane (altså conversos («nykristne», skjulte jødar) og etterkommarane deira). I Venezia vart ofte portugisarjødane omtala som ponentinske (vestlege) for å skilje dei ut frå levantinske (austlege, osmanske) sefardím.

Spanske og portugisiske jødar

Eit anna omgrep som har vore ein god del bruka, særleg på Dei britiske øyane, i USA og i Canada er spanske og portugisiske jødar. Dette omgrepet har bakgrunn i at mange spanske jødar søkte ly i Portugal etter utvisinga av jødane i det meste av Spania i 1492. Da jødedommen vart forboden i Portugal òg, var tvangskonvertering ein vanlegare undertrykkingsmåte enn utvising. Mange av familiane som levde som skjulte jødar i Portugal greidde seinare å flykte til andre land, og med si blanding av spansk og portugisisk bakgrunn og varierande nasjonal identitet vart dei gjerne kalla spanske og portugisiske jødar.

Portugisarjødar, eller den portugisiske nasjon

Omgrepa portugis(ar)jødar og jødar av den portugisiske nasjon har særleg vore bruka i Nederlanda og i Hamburg/Schleswig-Holstein og Skandinavia i nord, så vel som kring det sørvestlege Frankrike i sør. Det ser ut som dette omgrepet, der det spanske elementet er nedtona, oppstod på grunn av at dei spanske og portugisiske jødane trong å distansere seg frå Spania i tidene med politisk spenning og krig mellom Spania og Nederlanda på 1600-talet. I Bayonne og Bordeaux i det sørvestlege Frankrike var det truleg nærheita til spanskegrensa som gjorde det politisk naturleg å tone ned det spanske elementet. En annan grunn til dette omgrepet kan nok òg vera at relativt mange portugisarjødiske familiar i Vest-Europa og Nord- og Sør-Amerika hadde forlate Den iberiske halvøya nettopp gjennom Portugal. Eit anna element er at medan alle sefardím har eit meir eller mindre sterkt historisk samband med Spania, så er det unike for portugisarjødane nettopp sambandet med Portugal.

Vestlege sefardím

Omgrepet vestlege sefardím blir ofte bruka i moderne faglitteratur. Dette omgrepet er problematisk fordi det kan referere til portugisarjødar, til marokkanske jødar eller til begge desse gruppene. Stundom blir omgrepet vestlege sefardím òg bruka om alle dei europeiske, nordvestafrikanske og osmanske sefardím for å skilje desse frå mizraḥím, eller orientalske jødar.

Forskaren Joseph Dan skil mellom «mellomaldersefardím» (osmanske sefardím) og «renessansesefardím» (portugisarjødar) ut frå kva tid kvart av desse samfunna hadde formativ kontakt med iberisk språk og kultur.

Portugisarjødar i Noreg

Trøndelag

Bergen

Lenkjer


Creative Commons License This article is based entirely or in part on the article «Spanish and Portuguese Jews» from the English Wikipedia and can be copied, distributed and/or edited as described in GNU Free Documentation License. For a list of contributors to the original article, see revision history of the original article. For a list of contributors to this version, see revision history of the present page.
Denne artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.