Positiv

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. nov. 2015 kl. 20:21 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: Eit '''positiv''' er eit lite orgel med eitt manual og berre labialstemmer. Det har ikkje pedal. Instrumentet kom i mellomalderen. Positiva var særleg populære frå 1500- t...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit positiv er eit lite orgel med eitt manual og berre labialstemmer. Det har ikkje pedal. Instrumentet kom i mellomalderen. Positiva var særleg populære frå 1500- til 1700-talet, men finst også seinare. Fi lirekasse kan vere bygd som eit positiv, og særlig på 1800-talet er det ikkje uvanleg at ein meiner ei lirekasse når noko kallast eit positiv.

Det kan også vere namnet på eit mindre verk på eit større orgel, gjerne satt i koret eller bak organisten sin rygg – så kalla ryggpositiv. Organisten speler på de frå eit særskild manual.

Litteratur