Protoindustri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Protoindustri vart ca. 1970 lansert som nemning på ulike former for «industriell» verksemd på landsbygda før den industrielle revolusjonen, dvs. handverksproduksjon og omsetnad organisert som heimeindustri og forlagsverksemd. Protoindustrien skil seg frå det tradisjonelle bygdehandverket ved at den er organisert i meir omfattande skala og basert på marknader utanfor bygda/regionen. Den skil seg frå den «eigentlege» industrien (fabrikkproduksjon) ved sitt lågteknologiske produksjonsutstyr, ved sine desentraliserte produksjons- og distribusjonssystem og svakt utvikla arbeidsdeling i produksjonsprosessen.

Omstridd teori

Det var den amerikanske økonomihistorikaren Franklin Mendels (1943-1988) som utvikla protoindustrialisering som ein historisk modell eller teori. Han nytta uttrykket i doktoravhandlinga si frå 1969, og vann særleg gehør med artikkelen «Proto-industrializatinon: The First Phase of the Industrialization Process» frå 1972.[1] Teorien er omdiskutert. Det gjeld særleg den årsaksforklarande rolla Mendels tillegg protoindustrien i samband med den industrielle revolusjonen. Kritikarane påpeikar at protoindustrien iallfall ikkje var ein nødvendig føresetnad for industrialisering, og at mange av dei mest utprega protoindustrielle områda slett ikkje vart industrialiserte i moderne forstand.

Utgreiingar om proto-industri omhandlar mykje av dei same fenomena som andre har kalla den industriøse revolusjonen, og som historieteori kan dei to omgrepa sjåast som konkurrerande.

Fire hovudtrekk ved protoindustrien

Baert på ei framstilling av den britiske historikaren L.A. Clarkson[2]) har protoindustrialiseringa følgjande fire hovudkjennemerke:

  1. Proto-industrielle produsentar (handverkarar) produserte varer for marknader utanfor sitt eige distrikt.
  2. Dei proto-industrielle produkta var laga av folk som kombinerte t.d. veving og strikking med jordbruk («peasant-manufacturers», dvs. småbrukarar, husmenn og liknande grupper). Arbeidskraft som søkjer sysselsetjing "onnemellom" er billeg. Produksjonsutstyret (den fast kapitalen) var etter måten enkelt og billeg.
  3. Protoindustrien på landsbygda stimulerte handelsjordbruket ved å skape ein marknad for mat.
  4. Byane i dei protoindustrielle distrikta var i hovudsak sentra for handel og omsetnad.

Utbreiing

Mest tekstilproduksjon i England,

Protoindustri i Noreg

Historikaren Anna Tranberg skildrar den økonomiske verksemda på storgarden Samsal i Ringsaker rundt 1800 på ein måte som fell saman med dei protoindustrielle trekka utan at Tranberg sjølv brukar nemninga i den artikkelen. I andre arbeid skildrar Tranberg protoindustriell verksemd i meir generelt på Hedmarken og på Toten. Protoindustriell verksemd på Toten, som Eilert Sundt kalla det mest industriøse området i landet, får vi også glimt av i wikiartiklane om Hans Skikkelstad, Vevegrenda og andre stader. Ljåproduksjonen i Tinn i Telemark er eit anna døme.

Kjelder og litteratur

  • Clarkson, L.A.: Protoindustrialization: The First Phase of Industrialisation? The Economic History Society/MacMillan Publishers Ltd., 1985.
  • Hovland, E., Nordvik, H. og Tveite, S.: «Proto-Industrialisation in Norway 1750-1850: Fact or Fiction?» i Scandinavian Economic History Review, nr. 1 1982.
  • Kriedte, Peter: Peasants, Landlords and Merchant Capitalists. Europe and the World Economy 1500-1800. Berg Publishers Ltd., 1983 (tysk originalutgåve 1980).
  • Mendels, Franklin: «Proto-industrializatinon: The First Phase of the Industrialization Process», i Journal of Economic History XXXII, 1972.
  • Tranberg, Anna: «"Ledighed taales ikke". Plassfamilien på gardsarbeid» i Historisk tidsskrift 4/1990.
  • Tranberg, Anna: Korn og klasseskille 1660-1840. Ringsakboka, bd. III. Ringsaker 1993.
  • Tranberg, Anna: «Tekstilproduksjon på Hedmarken i et økonomisk perspektiv», i Hutchison, Ragnhild (red.) Lokale tråder - tråkling gjennom tekstil- og lokalhistorie. Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 2006.
  • Tranberg, Anna: «Husindustri i totenbygdene på 1700- og 1800-tallet» i Heimen 3/2007.

Referansar

  1. Journal of Economic History XXXII (1972)
  2. Clarkson, L.A.1985;15-16