Forskjell mellom versjoner av «Rabbekule»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Litt pirk og lenker.)
({{nn}})
 
(10 mellomliggende revisjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb | Rabbekule.JPG| Dette er ei lita rabbekule, ser ut som ein liten jordhaug. Det er det og, men inni er to trllebårer med rabbe, kålrot}}. '''[[Rabbekule]'''], det er rabbe (dialekt for kålrot), lagt i kule. Det er ein måte og vinterlagre rabbe på som var utbreitt på desse kantar (Høydalen / Volda) før, og utover på 1950 1960 talet. I vårt moderne samfunn er dette avleggs, no er ferskvarene i butikken og vert etterfylt frå kjølelager. Ved å legge i kule så held rotfrukta  seg frisk grunna den råmen som kjem frå jorda. For å få eit godt resultat må ein sikre at innhaldet i kula ikkje frys.
+
<onlyinclude>{{thumb | Rabbekule.JPG| Dette er ei lita rabbekule, ser ut som ein liten jordhaug. Det er det og, men inni er to trllebårer med rabbe, kålrot.|[[Bruker:Magnar Høydal|Magnar Høydal]]|2009}} '''[[Rabbekule]]''', det er rabbe (dialekt for kålrot), lagt i kule. Det er ein måte å vinterlagre rabbe på som var utbreitt før, og utover på 1950- og 1960-talet. Klimatiske forhold er vel årsak til at denne lagringsmåten var nytta mange stader på [[Vestlandet|vestlandskysten]]. I vårt moderne samfunn er dette avleggs, no er ferskvarene i butikken og vert etterfylt frå kjølelager. Ved å legge i kule så held rotfrukta  seg frisk grunna den råmen som kjem frå jorda. For å få eit godt resultat må ein sikre at innhaldet i kula ikkje frys.
 
   
 
   
Ein startar med å legge litt bâr på bakken, gjerne granbar. Det hindrar at det vert mykje jord på dei rabbene som ligg på botnen. Vidare legg ein opp rabbene i ei pyramide med størrelse etter mengde. Utsida vart kledd med eine eller granbar, var det tilgong på halm så vart det nytta. Til slutt vart det lagt på eit godt lag med jord, men heilt på toppen må det vera ventilasjon. (I dag kan ein og skøyte på med isolasjonen av isopor) Det var vanleg å legge kula på åkeren der rabbene var hausta, men ikkje på eit lågt punkt der det kunne samle seg mykje vatn.
+
Ein startar med å legge litt bar på bakken, gjerne granbar. Det hindrar at det vert mykje jord på dei rabbene som ligg på botnen. Vidare legg ein opp rabbene i ei pyramide med størrelse etter mengde. Utsida vart kledd med eine eller granbar, var det tilgong på halm så vart det nytta. Til slutt vart det lagt på eit godt lag med jord, men heilt på toppen må det vera ventilasjon.</onlyinclude>
 +
(I dag kan ein og skøyte på med isolasjonen av isopor) Det var vanleg å legge kula på åkeren der rabbene var hausta, men ikkje på eit lågt punkt der det kunne samle seg mykje vatn.
  
 
Tidlegare når det var vinterlagring for fòring til storfe og det var store mengder, vart det lagt opp som lange haugar. Det kunne vera litt ufyse vinters dag, å stå ute og lesse opp for så å køyre inn til foring. På mange gardar der det vart fora med fornepe eller rabbe var dette vanleg. Det var vel arbeidsmengda som gjorde at å legge kule vart det mindre av i åra etter [[andre verdenskrig|krigen]] (1945).
 
Tidlegare når det var vinterlagring for fòring til storfe og det var store mengder, vart det lagt opp som lange haugar. Det kunne vera litt ufyse vinters dag, å stå ute og lesse opp for så å køyre inn til foring. På mange gardar der det vart fora med fornepe eller rabbe var dette vanleg. Det var vel arbeidsmengda som gjorde at å legge kule vart det mindre av i åra etter [[andre verdenskrig|krigen]] (1945).
 +
 +
==Kula vert opna==
 +
Rabbekula vart lagd midt i oktober i 2010. Denne vinteren har vore svert kald og med barfrost i lang tid før det kom snø. Hadde ein vist at det skulle verta slike verforhold hadde det vorte lagt eit tjukkare lag jord over for å gi betre isolasjon til den lange frostbolken. Difor har det vore ein del spenning til om frosten hadde kjeme på innsida slik at innhaldet var skada.
 +
 +
<onlyinclude>I fint vårveir den 18 april 2011 vart kula opna og resultatet såg fint ut, svert fint, alle rabber var friske og fine.</onlyinclude> Når rabbene vert lagra slik får dei råme frå jorda slik at dei ikkje turkar, dei er då like friske som ved hausting. Prøvesmakinga kom og ut med godt resultat.
 +
 +
<gallery>
 +
Bilde: Rabbekula_tid_for_opning.JPG| Det er med ei viss spenning at rabbekula vert opna og granbaret plukka vekk. Resultatet var heilt fint alle rabber friske og fine.
 +
Bilde: Rabbekula_tid_for_prøvesmaking.JPG|Resultatet må også sjekkast på smak. Her er det Jostein Høydal som har fått det oppdraget
 +
</gallery>
 +
 +
 +
  
 
[[Kategori: Volda kommune]]
 
[[Kategori: Volda kommune]]
 
[[Kategori: Høydalen (Volda)]]
 
[[Kategori: Høydalen (Volda)]]
 
[[Kategori: Landbruk]]
 
[[Kategori: Landbruk]]
 +
[[Kategori:Grønnsaker]]
 +
{{nn}}
 +
{{F1}}

Nåværende revisjon fra 25. jan. 2016 kl. 13:45

Dette er ei lita rabbekule, ser ut som ein liten jordhaug. Det er det og, men inni er to trllebårer med rabbe, kålrot.
Foto: Magnar Høydal (2009).

Rabbekule, det er rabbe (dialekt for kålrot), lagt i kule. Det er ein måte å vinterlagre rabbe på som var utbreitt før, og utover på 1950- og 1960-talet. Klimatiske forhold er vel årsak til at denne lagringsmåten var nytta mange stader på vestlandskysten. I vårt moderne samfunn er dette avleggs, no er ferskvarene i butikken og vert etterfylt frå kjølelager. Ved å legge i kule så held rotfrukta seg frisk grunna den råmen som kjem frå jorda. For å få eit godt resultat må ein sikre at innhaldet i kula ikkje frys.

Ein startar med å legge litt bar på bakken, gjerne granbar. Det hindrar at det vert mykje jord på dei rabbene som ligg på botnen. Vidare legg ein opp rabbene i ei pyramide med størrelse etter mengde. Utsida vart kledd med eine eller granbar, var det tilgong på halm så vart det nytta. Til slutt vart det lagt på eit godt lag med jord, men heilt på toppen må det vera ventilasjon. (I dag kan ein og skøyte på med isolasjonen av isopor) Det var vanleg å legge kula på åkeren der rabbene var hausta, men ikkje på eit lågt punkt der det kunne samle seg mykje vatn.

Tidlegare når det var vinterlagring for fòring til storfe og det var store mengder, vart det lagt opp som lange haugar. Det kunne vera litt ufyse vinters dag, å stå ute og lesse opp for så å køyre inn til foring. På mange gardar der det vart fora med fornepe eller rabbe var dette vanleg. Det var vel arbeidsmengda som gjorde at å legge kule vart det mindre av i åra etter krigen (1945).

Kula vert opna

Rabbekula vart lagd midt i oktober i 2010. Denne vinteren har vore svert kald og med barfrost i lang tid før det kom snø. Hadde ein vist at det skulle verta slike verforhold hadde det vorte lagt eit tjukkare lag jord over for å gi betre isolasjon til den lange frostbolken. Difor har det vore ein del spenning til om frosten hadde kjeme på innsida slik at innhaldet var skada.

I fint vårveir den 18 april 2011 vart kula opna og resultatet såg fint ut, svert fint, alle rabber var friske og fine. Når rabbene vert lagra slik får dei råme frå jorda slik at dei ikkje turkar, dei er då like friske som ved hausting. Prøvesmakinga kom og ut med godt resultat.