Randi Solem: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: Randi Andersdotter Solem (fødd i Tiller (nå Trondheim) i 1775 eller 1776, død i Strinda (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein kjend og...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
[[Randi  Solem|Randi Andersdotter Solem]] (fødd i [[Tiller kommune|Tiller]] (nå [[Trondheim]]) i 1775 eller 1776, død i [[Strinda]] (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein kjend og sentral [[Haugianismen|haugianar]], men også ein tidleg representant for [[grundtvigianismen]] i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen, var ho kjend som Randi Løvaas.
{{Under samarbeid}}
[[Randi  Solem|Randi Andersdotter Solem]] (fødd i [[Tiller kommune|Tiller]] (nå [[Trondheim]]) i 1775 eller 1776, død i [[Strinda]] (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein framståande [[Haugianismen|haugianar]], men også ein tidleg representant for [[grundtvigianismen]] i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen, var ho kjend som Randi Løvaas.
 
== Bakgrunn og familie ==
Ho var fødd på garden Lauvåsen i Tiller. Fødselsdatoen er uviss, men ho vart boren til dåpen 18. februar 1776. Foreldra var gardbrukarparet Anders Halvorsen Løvaas (fødd ca. 1730) og Maren Larsdotter Forsæt (fødd ca. 1744). Randi hadde ei litt yngre syster, [[Berthe Stenhovden|Berthe]], som også vart ein kjend haugiansk forkynnar.
 
Randi Andersdotter Løvaas gifta seg den 25. mai 1797 med soldaten Haagen Erichsen Nideng. Dei fekk sonen Haagen, døypt 8. april 1798. Ektemannen døydde litt før guten deira vart fødd. Som enkje vart Randi verande på Lauvåsen i tre-fire år. I folketeljinga 1801 er ho registrert som innerst hjå foreldra, og livnærde seg sjølv og barnet ved spinning og veving. Det same året drog ho til Bergen for å arbeide som bokbindarassistent ved [[Hans Nielsen Hauge|Hans Nielsen Hauges]] verksemd der.
 
Den 9. juli 1805 gifta Randi seg i Trondheim med haugianaren og forretningsmannen [[Arnt Solem|Arnt Bjørnson Solem]] frå [[Klæbu]]  (1777-1857). Som Randi kom også han av bondestand. Han byrja karrieren sin i Trondheim som snikkar. Ekteparet fekk fleire born, men det vart berre sonen [[Fredrik Solem|Fredrik]] som voks opp.

Sideversjonen fra 23. sep. 2018 kl. 05:35

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Randi Andersdotter Solem (fødd i Tiller (nå Trondheim) i 1775 eller 1776, død i Strinda (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen, var ho kjend som Randi Løvaas.

Bakgrunn og familie

Ho var fødd på garden Lauvåsen i Tiller. Fødselsdatoen er uviss, men ho vart boren til dåpen 18. februar 1776. Foreldra var gardbrukarparet Anders Halvorsen Løvaas (fødd ca. 1730) og Maren Larsdotter Forsæt (fødd ca. 1744). Randi hadde ei litt yngre syster, Berthe, som også vart ein kjend haugiansk forkynnar.

Randi Andersdotter Løvaas gifta seg den 25. mai 1797 med soldaten Haagen Erichsen Nideng. Dei fekk sonen Haagen, døypt 8. april 1798. Ektemannen døydde litt før guten deira vart fødd. Som enkje vart Randi verande på Lauvåsen i tre-fire år. I folketeljinga 1801 er ho registrert som innerst hjå foreldra, og livnærde seg sjølv og barnet ved spinning og veving. Det same året drog ho til Bergen for å arbeide som bokbindarassistent ved Hans Nielsen Hauges verksemd der.

Den 9. juli 1805 gifta Randi seg i Trondheim med haugianaren og forretningsmannen Arnt Bjørnson Solem frå Klæbu (1777-1857). Som Randi kom også han av bondestand. Han byrja karrieren sin i Trondheim som snikkar. Ekteparet fekk fleire born, men det vart berre sonen Fredrik som voks opp.