Randi Solem: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 8: Linje 8:

Den 9. juli 1805 gifta Randi seg i Trondheim med haugianaren og forretningsmannen [[Arnt Solem|Arnt Bjørnson Solem]] frå [[Klæbu]]  (1777-1857). Som Randi kom også han av bondestand. Han byrja karrieren sin i Trondheim som snikkar. Ekteparet fekk fleire born, men det vart berre sonen [[Fredrik Solem|Fredrik]] som voks opp.

== Haugianar ==
Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauges besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår.

Sideversjonen fra 23. sep. 2018 kl. 05:40

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!

Randi Andersdotter Solem (fødd i Tiller (nå Trondheim) i 1775 eller 1776, død i Strinda (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen, var ho kjend som Randi Løvaas.

Bakgrunn og familie

Ho var fødd på garden Lauvåsen i Tiller. Fødselsdatoen er uviss, men ho vart boren til dåpen 18. februar 1776. Foreldra var gardbrukarparet Anders Halvorsen Løvaas (fødd ca. 1730) og Maren Larsdotter Forsæt (fødd ca. 1744). Randi hadde ei litt yngre syster, Berthe, som også vart ein kjend haugiansk forkynnar.

Randi Andersdotter Løvaas gifta seg den 25. mai 1797 med soldaten Haagen Erichsen Nideng. Dei fekk sonen Haagen, døypt 8. april 1798. Ektemannen døydde litt før guten deira vart fødd. Som enkje vart Randi verande på Lauvåsen i tre-fire år. I folketeljinga 1801 er ho registrert som innerst hjå foreldra, og livnærde seg sjølv og barnet ved spinning og veving. Det same året drog ho til Bergen for å arbeide som bokbindarassistent ved Hans Nielsen Hauges verksemd der.

Den 9. juli 1805 gifta Randi seg i Trondheim med haugianaren og forretningsmannen Arnt Bjørnson Solem frå Klæbu (1777-1857). Som Randi kom også han av bondestand. Han byrja karrieren sin i Trondheim som snikkar. Ekteparet fekk fleire born, men det vart berre sonen Fredrik som voks opp.

Haugianar