Rasmus Hansson Hellegård: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(leseselskap + røysterett)
(formannskapsmedlem frå 1838)
Linje 7: Linje 7:
Rasmus var ein av dei tolv fyrste jostedølene som avla eid og fekk statsborgarleg røysterett. Dette hende på hausttinget 10. september 1814.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1655 Manntal 1814-1897] (Jostedal historielag)</ref>  
Rasmus var ein av dei tolv fyrste jostedølene som avla eid og fekk statsborgarleg røysterett. Dette hende på hausttinget 10. september 1814.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1655 Manntal 1814-1897] (Jostedal historielag)</ref>  


Han var med i [[Jostedal leseselskap]] frå skipinga våren 1835.
Han var med i [[Jostedal leseselskap]] frå skipinga våren 1835. Han var sentral i bygdestyringa og sat i formannskapet frå skipinga av Jostedal kommune i 1838 og i ei årrekkje framover.<ref>Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875) ([http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbdokarkivdokument&ptype=single&sql=LOWER%28signatur%29+LIKE+%27sffda%2D100064%25%27+ORDER+BY+signatur Digital utgåva], Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)</ref>


Rasmus og Johanna fekk fem born, og fire av dei voks opp:
Rasmus og Johanna fekk fem born, og fire av dei voks opp:
Linje 14: Linje 14:
*Lars Rasmusson (1824-1904), som utvandra til Amerika
*Lars Rasmusson (1824-1904), som utvandra til Amerika
*Peder Rasmusson (1828-1888), gardbrukar på Svangstu i Luster
*Peder Rasmusson (1828-1888), gardbrukar på Svangstu i Luster
==Notar==
<references/>


==Litteratur==
==Litteratur==

Sideversjonen fra 21. mai 2011 kl. 20:39

Rasmus Hansson Hellegård (døypt 4. mars 1878, død 7. desember 1870) var frå garden Hellegård i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var eldste son av Hans Andersson Hellegård (1751-1830) frå Luster og Siri Pedersdotter (ca 1767-1830) frå Hellegård.

Rasmus gifte seg 2. november 1818 med Johanna Larsdotter (1787-1878) frå Garen under Nedrelid.

Rasmus fekk skøyte på heimebruket alt 2. juni 1808 mot å yte kår til foreldra, men han skal ikkje ha teke over styringa av garden før i 1819, og det gjekk endå lengre tid før han flytte hit. Åra 1822-24 pakta han Jostedal prestegard og 1824-35 eit bruk på Røneid i Luster. I 1835 flytte han så til Hellegård, og det er uvisst kven som budde på garden dei fem åra etter at foreldra fall ifrå.

Rasmus var ein av dei tolv fyrste jostedølene som avla eid og fekk statsborgarleg røysterett. Dette hende på hausttinget 10. september 1814.[1]

Han var med i Jostedal leseselskap frå skipinga våren 1835. Han var sentral i bygdestyringa og sat i formannskapet frå skipinga av Jostedal kommune i 1838 og i ei årrekkje framover.[2]

Rasmus og Johanna fekk fem born, og fire av dei voks opp:

  • Hans Rasmusson (1818-1911), gardbrukar på Bollingberg i Luster
  • Mari Rasmusdotter (1821-1843), fyrste kona til gardbrukar Lars Erikson på Espe
  • Lars Rasmusson (1824-1904), som utvandra til Amerika
  • Peder Rasmusson (1828-1888), gardbrukar på Svangstu i Luster

Notar

  1. Manntal 1814-1897 (Jostedal historielag)
  2. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875) (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 786. (Digital utgåve, NBdigital)