Hellegård (Jostedalen)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hellegård | |
---|---|
Heljegarden og Helletun (kvit stove), mot vest med Bergsetbreen i bakgrunnen | |
Alt. namn: | Heljegarden |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 207 |
Hellegård (Luster, gnr. 207) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Haugen og i vest mot Kruna. Heimane under Hellegård sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.
Den gamle stabburet frå Hellegård står på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
Bruk
I Krundalen:
- Bnr. 1 Hellegård - det opphavlege bruket
- Bnr. 4 Helletun - fråskild 18.6.1909 frå bnr. 1
På Gjerde:
- Bnr. 3 Gjerde - dei tre husmannsplassane her vart fråskilde 16.-18.1.1901 frå bnr. 1
- Bnr. 5 Elvheim - fråskild 25.11.1940 frå bnr. 3
- Bnr. 6 Kvile (Gjerdekvile) - fråskild 10.10.1945 frå bnr. 3
- Bnr. 24 Haugåsen - byggjefeltet på Gjerde, fråskild 24.8.1981 frå bnr. 4
Tomter er ikkje tekne med. Det er ei rekkje tomter med bruksnummer under matrikkelgarden sidan heile byggjefeltet i Haugåsen høyrer til her.
Husmannsplassar
Alle dei tre husmannsplassane under Hellegård låg på Gjerde. Dei låg under bnr. 1 fram til 1901, deretter under bnr. 3 Gjerde:
- Gjerde 1 - rydda kring 1712, nedlagd 1952 då yngste sonen til dei siste plassfolka flytte stovehuset til Kvile (bnr. 6)
- Gjerde 2 - rydda kring 1799, nedlagd 1918
- Gjerde 3 - rydda kring 1850, fråskild 1901 frå bnr. 1 saman dei to andre husmannsplassane
Kjelder og litteratur
- Hellegaard i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Hellegaard i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Hellegaarden i folketeljinga 1900 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
- Hellegaarden i folketeljinga 1910 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 781-817. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Hellegård med Haugen», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane