Rasmus Løland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. feb. 2017 kl. 08:21 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging, mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Løland (fødd 24. mai 1861 i Suldal, død 12. oktober 1907 i Asker) var forfattar og målmann. Mest er han kjend som barnebokforfattar, og som ein fornyar av den sjangeren. Også som organisasjons- og bladmann innan norskdomsrørsla gjorde han seg mykje gjeldande. Han var ein av dei sentrale landsmålsstrategane som tilhøyrde den såkalla Askerkretsen rundt førre århundreskiftet.

Bakgrunn og familie

Rasmus Løland var bondeson, fødd og oppvaksen på garden Løland i Sand i nåverande Suldal kommune. Foreldra var gardbrukarparet Lars Larsson Løland (1816–1888) og Barbro Torkelsdotter Søndenå (1825–1890). Etter tid og stad og stand vart familien rekna som velhalden. Det var etter Rasmus Lølands eiga framstilling også ein nokså strengt religiøs heim.

Rasmus var frå heilt frå barndomen av nokså svakhelsa, med hjartefeil og nerveproblem. Han budde heime på garden til i vaksen alder, og hjelpte broren Lars med gardsdrifta. Da broren hadde overteke garden etter foreldra, vart det avtala at Rasmus skulle «kome på folga», dvs. ha underhald av garden så lenge han levde. Dei rekna ikkje med at han kom til å bli i stand til å forørgje seg sjølv.

Etter allmugeskulen gjekk Rasmus amtskulen på Sand vinteren 1877-1878, der han vart sterkt påverka av læraren og målmannen Torkell Mauland.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!