Reinli stavkyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
m (Cnyborg flyttet siden Reinli stavkirke til Reinli stavkyrkje)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 24: Linje 24:


Ein av dei originale dørringane frå mellomalderen vart flytt til Bagn kyrkje, men i 1958 vart ho ført attende til Reinli. Diverre vart ho stolen i 1972, og har ikkje kome til rette. Andre dørringbeslag og låsbeslag frå mellomalderen er bevart, og har dekor frå Sogn-Valdresgruppa.
Ein av dei originale dørringane frå mellomalderen vart flytt til Bagn kyrkje, men i 1958 vart ho ført attende til Reinli. Diverre vart ho stolen i 1972, og har ikkje kome til rette. Andre dørringbeslag og låsbeslag frå mellomalderen er bevart, og har dekor frå Sogn-Valdresgruppa.
Kyrkja har stupul, som står som portal ved inngangen til kyrkjegarden. Han er nemnd i 1675, og er truleg jamngammal med kyrkja.


==Interiør==
==Interiør==


Orgelet, som vart restaurert i 1970-åra, står på eit galleri i apsis, over og bak alteret.
Orgelet, som vart restaurert i 1970-åra, står på eit galleri i apsis, over og bak alteret. Det vart flytta frå Bagn kyrkje i 1879, då dei fekk eit nytt orgel der. Det skal vere bygd av [[Gulbrand Amundsson Klætte]] i 1790-åra, med utsmykning av Aslak Olsson Li.
 
Altarskåpet er samansett av restar frå fleire mellomalderskåp. Truleg såg det opphavlege skåpet ut som det i [[Hedalen stavkyrkje]], men berre fløydørane frå dette inngår i dagens skåp. Altertavla er frå 1880-åra eller 1890-åra, og er sett opp mellom fløydørane. Hovudmotivet er Kristi etterfylgjing, som er måla av anten Erling Sørbøen eller Orvar Torsrud. Andre motiv er Kristi himmelfart, Moses på Sinai, Bergpreika og Krossfestinga. Desse mindre motiva vart måla av Siwerts i 1920-åra. Altarringen er truleg frå 1850-åra.
 
Krusifikset er i ein primitiv, [[barokk]] stil, og kan ha førebilete frå mellomalderen. Det skal ha vore del av ei [[kalvariegruppe]], det vil seie Jesus på krossen med Maria og Johannes nedafor, men om det var så er ikkje dei andre figurane bevart.
 
[[Leksikon:Kalk og disk|Kalken]] er gjeve av Jesper Pedersson Hønefos. Han er i tinn, og har årstalet 1684. Fleire gamle altarklede er bevart, mellom anna eit stripete som er nemnd i 1673 og eit raudt med merke etter ei innskrift, «Ole Andersen Haftoen 1773».
 
Eit sakramenthus forma som ei krosskyrkje er no hos [[Oldssakssamlinga]] i Oslo. Det er datert til 1200-talet.
 
[[Døypefont]]en er i romansk stil, med skaft frå tida 1150–1200. Foten er ein ny rekonstruksjon. Materialet er kleberstein, men mykje av fonten er no i klebersteinskum. Døypefatet har eit bilete av Fortuna og bokstavane «I M», og er truleg laga i Noreg.


Alteret er samansett av restar frå fleire mellomalderskåp.
Preikestolen er frå 1700, og er i renessansestil. Han vart fjerna i 1854 og vart nytta som kornbinge på [[Bakko (Sør-Aurdal)|Bakko]] fram til 1880-åra, då han vart måla opp og sett attende i kyrkja.  


Reinli stavkyrkje skal vere den einaste mellomalderkyrkja i landet som har alle tolv vigslingskrossar intakt. Desse vart måla på veggen under vigslinga, og dei er i dag svartmåla. Seks av dei sit i koret, og seks i skipet. Dei seks i koret må ha vorte måla opp i seinmiddelalderen. Anten såg dei på det som å flytte krossane, eller kyrkja vart nyvigsla.  
Reinli stavkyrkje skal vere den einaste mellomalderkyrkja i landet som har alle tolv vigslingskrossar intakt. Desse vart måla på veggen under vigslinga, og dei er i dag svartmåla. Seks av dei sit i koret, og seks i skipet. Dei seks i koret må ha vorte måla opp i seinmellomalderen. Anten såg dei på det som å flytte krossane, eller kyrkja vart nyvigsla.  


Ein finn fleire høve på graffiti i kyrkja. Den eldste er frå tida 1160 til 1250, og kan ha vore med over frå den eldre kyrkja. Den er rissa inn i veggen i apsis, og visar eit skip. Ei finn og innrissa eit frukbarheitssymbol og eit evigheitssymbol i svalgangen.
Ein finn fleire høve på graffiti i kyrkja. Den eldste er frå tida 1160 til 1250, og kan ha vore med over frå den eldre kyrkja. Den er rissa inn i veggen i apsis, og visar eit skip. Ei finn og innrissa eit frukbarheitssymbol og eit evigheitssymbol i svalgangen.
På ei minnetavle frå 1799 er det lista opp gjevarar til ei innsamling for å få ny klokke til kyrkja. Nedst er tavla signert «Malet av mig [[Ole Hermundsson Jukam|Ole Hermundsen Jucham Den 18de Aprili Anno 1799».
Det er no tre klokker i stupulen. Den eldste er frå mellomalderen, truleg 1300-talet, og kan vere støypt i England. Så er det ei frå 1641, med [[Christian IV]] sitt våpen og namna [[Jens Bjelke|Jens Bielke]], fru Sophia Brockenhus og Otte Mogenssøn. Ein innskrift fortel at klokka tilhøyrde «Nes oc øens menighed», truleg [[Nes sokn (Hedmark)|Nes sokn]] med [[Helgøya (Hedmark)|Helgøya]] i [[Hedmark]]. Klokka skal ha vore på garden [[Baldishol (gard)|Baldishol]] i Nes, og vart kjøpt til Reinli derifrå. Den tredje klokka er av stål, og var gjeven im 1898 av reinlingar som hadde utvandra til Amerika.
I golvet i svalgangen er det ei grav. Ho er merkt med fem naglar som dannar ein kross. Tradisjonen seier at det er kyrkjebyggjaren som ligg her, noko som styrkast av ei runeinnskrift på veggen. Arkeologen [[Ingvald Undset]] tolka innskrifta såleis: «''Her h(vili)r und(ir) (Si)ra Thor(der) sem e(fna) (l)et ki(rkiu) þessa (pater) nr''». Omsett frå norrønt tyder dette: «Her under kviler sira Tord, som let førebu denne kyrkja, Fader Vår». I 1850-åra vart diverre delar av innskrifta øydelagd. Det finst og runer ved inngangsdøra på sørveggen og oppe på ei bjelke på sørsida.
Ein har gjort fleire funn under kyrkjegolvet. Det er funne meir enn 70 eldre mynter, dei eldste frå [[Håkon IV Håkonsson]] si tid. Ein har også funne fem dokker. Ein av dei har ein mynt frå 1891 bunde fast på seg, så dei er ikkje så gamle. Ein annan er bunde med bomullsgarn, noko som også peikar på 1800-talet. Truleg heng dei saman med folkemedisin, der ein laga dokker av kleda til nokon og la dei under kyrkjegolvet. I 1890-åra fann ein ei øskje i kyrkjemuren, som truleg hadde vore nytta til eit foster etter ein spontanabort. Slike øskjer skulle ikkje setjast inn i muren, men gravarane gjorde det nokre gonger når ei fortvila jente hadde mista ungen og villa la fosteret få kvile på vigsla grunn.


==Historie==
==Historie==